Herold

Familie sendt til sjukehus i Tyskland med fare for ebola-smitte

Kilde: NRK Author: Marit Balsvik Winge Published: 2026-05-21 19:54:18
Henta familien til ebola-smitta lege med spesialfly

Familien til ein smitta amerikansk lege er sendt til sjukehus i Tyskland. I Den demokratiske republikken Kongo er 600 er smitta og 139 personar dĂžde av ebolaviruset.

Kona og dei fire barna til den smitta legen blei sendt til sjukehuset Charité i Berlin i dag, ifÞlgje AP.

Legen med amerikansk statsborgarskap testa positivt for ebola mens han jobba i DR Kongo, og ligg i isolasjon pÄ sjukehuset, ifÞlgje Tysklands utanriks- og helsedepartement.

Han skal ha jobba i ein medisinsk misjonsgruppe da han fekk pÄvist smitte.

Onsdag morgon landa han med spesialfly pÄ tysk jord. Familien har ikkje symptom, men blei ogsÄ frakta med spesialfly.

IfĂžlgje Washington Post ynskja ikkje amerikanske styresmakter Ă„ ta imot den amerikanske legen.

Politibilar, ambulanse og brannbilar fÞlgde familien frÄ flyplassen til sjukehuset i dag.

WHO har erklĂŠrt ebolautbrotet i DR Kongo for ei internasjonal folkehelsekrise.

Det er den nest hÞgaste beredskapsnivÄet som organisasjonen opererer med.

WHO sa i gÄr at utbrotet sannsynlegvis starta for to mÄnadar sidan, og at det har spreidd seg i eit tett befolka omrÄde.

Andreas Gustavsen er sjukepleiar og har jobba med ebola-smitta under utbrot tidlegare.

Andreas Gustavsen er sjukepleiar og har mellom anna jobba i Uganda, Sierra Leone og DR Kongo.

Han sa i Nyheitsmorgon pÄ NRK i dag at slike utbrot kjem med jamne mellomrom fordi ebolaviruset finst i naturen i DR Kongo.

– Men det er krevjande fordi det allereie er mykje militsaktivitet og uro i omrĂ„det. Det gjer det ekstra vanskeleg for befolkninga og myndigheiter.

Det finst ikkje godkjende vaksinar for den sĂŠrleg smittsame ebola-varianten, Bundibugyo.

Han seier at den einaste mÄten Ä fÄ kontroll pÄ utbrotet er Ä isolere dei med symptom og sÞrgje for god smittesporing.

– Og sĂ„ er det viktig Ă„ kontrollere gravferder, sĂ„nn at dei pĂ„rĂžrande fĂ„r tatt farvel, utan Ă„ eksponere seg for kroppsvesker.

Fordi tilliten til myndigheitene allereie er lav i landet, er det vanskeleg for helsefagarbeidarar Ă„ overtyde folk om Ă„ sĂžkje hjelp.

– Det er hĂžg grad av stigma rundt dei som blir smitta. Det Ă„ overtyde befolkninga om Ă„ sĂžkje hjelp er heilt avgjerande for Ă„ fĂ„ utbrotet til Ă„ brenne ut.

Raude Kors-tilsette fraktar kister med omkomne i Rwampara.

Utbrotet har fÄtt fotfeste i den krigsherja Ituri-provinsen, nordaust i landet.

Det var i dette omrÄdet den amerikanske legen skal ha blitt smitta, mens han jobba pÄ eit sjukehus i Bunia.

FrÄ i dag skal ogsÄ familien vere i isolasjon pÄ sjukehuset Charité i Berlin.

IfĂžlgje det amerikanske senteret for sjukdomskontroll og fĂžrebygging er tilstanden til den smitta ektemannen stabil.

Utbrotet av bundibugyo-varianten av viruset oppfyller ikkje kriteria til Ă„ bli definert som ei pandemikrise, ifĂžlgje WHO.

đŸ·ïž Extracted Entities (14)

Kongo (person) Ebolautbrudd 📁 (category) Andreas Gustavsen (person) Berlin (place) CharitĂ© (entity) Tyskland (entity) Washington Post (organization) Bundibugyo (entity) Ituri (entity) Kors (entity) Nyheitsmorgon (entity) Rwampara (entity) Sierra Leone (person) Uganda (entity)

📊 Metadata

Category: Ebolautbrudd
OpenGraph Title: Familie sendt til sjukehus i Tyskland med fare for ebola-smitte
Twitter Title: Familie sendt til sjukehus i Tyskland med fare for ebola-smitte