Herold

HMS-kort i varebilbransjen: Regjeringa gir oppdragsgjevar juridisk ansvar

Kilde: NRK Author: Håvard Nyhus Published: 2026-05-22 08:35:05
Bransje med frynsete rykte blir sett i korta

Veksten i netthandel har ført til ein eksplosjon av varebilar på norske vegar. No må dei som kjøper tenestene ta rekninga dersom sjåførane ikkje har papira i orden.

Saka oppsummert:

  • Strammar grepet: Regjeringa vil flytte ansvaret over på bedriftene som kjøper transport, og krev at dei sjekkar sjåførane sine HMS-kort allereie når kontrakten blir skriven.
  • Massivt juks: Ein felles rapport frå fleire etatar avdekka indikasjonar på svart arbeid i nesten kvar tredje kontrollerte varebil.
  • Aksjonerte i Bergen: A-krimsenteret i Vestland gjennomførte nyleg ein storkontroll mot app-baserte matleveringstenester. Dei avdekka mistanke om organisert svart arbeid og at sjåførar køyrer på lånt identitet.
  • Etterlyser tøffare lut: Yrkestrafikkforbundet støttar dei nye reglane, men meiner krav om HMS-kort berre lappar på problemet. Dei krev langt fleire kontrollar langs vegane.

Skatteetaten, Politiet, Arbeidstilsynet, Nav og Tolletaten har dei siste åra halde eit ekstra godt auge med den norske varebilbransjen, og dokumentert fleire lovbrot.

Ein felles rapport frå 2023 avdekka indikasjonar på svart arbeid i nesten kvar tredje kontrollerte varebil.

Rapporten viser at mange av sjåførane var nye i landet og mangla kunnskap om rettane sine. Dette utnytta kriminelle bakmenn til å presse fram lange arbeidsdagar og uforsvarleg låg lønn.

I tillegg har Statens vegvesen avdekka tekniske feil, overlast eller manglande førarkort på nærmare sju av ti kontrollerte køyretøy.

Vert ikkje sjekka godt nok

Regjeringa innførte eit generelt krav om HMS-kort i varebilbransjen ved nyttår for å få bukt med problema. Kortet skal identifisere kven sjåføren er, og kven som faktisk er arbeidsgjevar.

Men det hjelper lite med påbod dersom ingen sjekkar dei.

Derfor strammar Arbeids- og inkluderingsdepartementet no grepet ytterlegare og flyttar ansvaret over på oppdragsgjevaren.

I praksis betyr det at verksemder som leiger inn varebilar for å frakte varer til forbrukarar – som elektronikkjeder og matkasseleverandørar – må sikre at HMS-korta er på plass allereie når dei skriv kontrakten.

Regjeringa har som mål at dei nye reglane skal tre i kraft i løpet av sommaren.

– Målet er at oppdragsgjevarar skal velje seriøse leverandørar når dei bestiller varetransport, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng til NRK.

Ho innrømmer at styresmaktene har mangla oversikt over kor tøffe forholda faktisk har vore for mange av sjåførane, nettopp fordi bransjen har vore så uregulert.

– Kampen mot arbeidslivskriminalitet må kjempast på mange frontar samtidig, men eg trur dette kan vere eit veldig viktig verkemiddel, seier Stenseng.

– Vert prisa ut av marknaden

I Bergen sit ein av dei som ønskjer dei strengare reglane velkomen.

Bennech Christer Husebø Lyngbø er dagleg leiar i RB Logistikk AS og har sett seg lei på useriøse aktørar som dumpar prisane.

– Før var det berre å kjøpe seg ein varebil og byrje å køyre. Skal du køyre lastebil, må du gjennom kurs i yrkeskompetanse, lastesikring og bedrifta må ha løyve. Varebilsjåførar har ikkje trengt noko av dette, seier Lyngbø.

Han fortel om konkurrentar som ikkje følgjer spelereglane.

– Vi kan gje eit tilbod som vi meiner er i tråd med marknaden, og så får vi plutseleg beskjed om at ein annan aktør har teke det.

Sondre Olsen, fungerande regiondirektør for NHO Vestland, fortel at medlemsbedriftene er opptekne av å sikre ordningar som slår ned på ulovlegheiter.

– Dette vil bidra til at det blir enda litt vanskelegare å drive useriøst, og sikrar jobbar til de seriøse bedriftene som har ting på stell, seier Olsen.

Sjølv om han understrekar at det norske næringslivet stort sett er veldig kontrollert og ryddig, meiner han det nye grepet med å flytte ansvaret over på kontraktskjøparen har mykje for seg.

Ein del av ei større opprydding

Det er ikkje berre varebilbransjen som slit med sosial dumping, lønnstjuveri og juks.

Tidlegare har det vore store utfordringar med såkalla kabotasjekøyring – der utanlandske transportselskap tek oppdrag innanfor Noreg på vilkår som utkonkurrerer norske selskap.

I 2024 vart det innført strengare reglar for utanlandske turbussar, som no berre får køyre i Noreg i maksimalt 20 dagar samanhengande.

Arbeidsministeren understrekar at kampen mot arbeidslivskriminalitet må kjempast på mange frontar samtidig.

– Eg trur vi må gjere mange ting, og derfor har vi ein handlingsplan som inneheld veldig mange ulike tiltak. Men eg trur dette kan vere eit viktig verkemiddel.

– Det at oppdragsgjevar får eit ansvar, gjer at hele verdikjeda blir ansvarleggjord i mykje større grad, seier Stenseng.

🏷️ Extracted Entities (25)

HMS (entity) Arbeidsliv og sysselsetting 📁 (category) Arbeidsmiljø 📁 (category) Arbeidstilsynet 📁 (category) Kjersti Stenseng (person) Nav 📁 (category) Politi og kriminalitet 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Samferdsel 📁 (category) Samfunn 📁 (category) Samfunnsliv 📁 (category) Storaksjon mot budbilnettverk 📁 (category) Bennech Christer Husebø Lyngbø (person) Bergen (entity) Noreg (entity) A-krimsenteret i Vestland (organization) Arbeids (entity) Arbeidstilsynet (entity) NHO Vestland (organization) Nav (entity) Politiet (organization) RB Logistikk AS (organization) Sondre Olsen (person) Statens (entity) Tolletaten (entity)

📊 Metadata

Category: Politikk og samfunn, Samfunn, Samfunnsliv, Arbeidsliv og sysselsetting, Nav, Arbeidsmiljø, Arbeidstilsynet, Samferdsel, Storaksjon mot budbilnettverk, Politi og kriminalitet
OpenGraph Title: HMS-kort i varebilbransjen: Regjeringa gir oppdragsgjevar juridisk ansvar
Twitter Title: HMS-kort i varebilbransjen: Regjeringa gir oppdragsgjevar juridisk ansvar