Er du opptatt av å halde deg frisk og leve lenge?
Plus
SKRÅBLIKK: Berre innrøm det – du er heilt sikkert også ein av dei som klikkar på artiklar om helse, sunn mat og tips om å halde seg frisk. Og sjølv om du nesten kvar gong oppdagar at artikkelen ikkje står i samsvar med det overskrifta lover, så klikkar du neste dag også.
Sjølv om du ikkje blir særleg klokare av det du les, så gjer du kanskje eit par små endringar i livsstil og mat. Men det varer nok berre eit par dagar, så er du tilbake til vande rutinar og ingrediensar – medan du les endå ein artikkel om noko nytt som skal vere ekstra sunt og godt for helsa.
Dei skriv om korleis du kan unngå demens og kreft, om kva som er bra for hukommelsen, kva du bør gjere for å ta vare på hjarta ditt og kva mat tarmen din elskar.
Slik trenar du ryggen, fortel dei – og slik får du betre søvn. Du får råd om kva som er best for nyrene, korleis du unngår gallestein – og endåtil kva som er teikn på at du kan vere i ferd med å pådra deg podagra, slik Kaptein Vom i Knoll og Tott har.
Les du på nettet om teikn på sjukdom, risikerer du å finne alle symptoma, berre du kjenner godt nok etter – og er sterk nok i trua på at no er det din tur.
Det rare er at dei fleste artiklane konkluderer med det same: Skal du halde deg frisk og leve lenge, så er det tre ting som er aller viktigast: Ete sunn mat – helst med mykje fiber og grønt. Vere i fysisk aktivitet. Og leve eit liv med gode sosiale relasjonar.
Dette kan visst motverke alt mogleg av sjukdom – både demens, hjartesjukdom, tarmsjukdom og podagra – og gjere at du lever lenger. Om du også blir lykkeleg, veit eg ikkje. Det er ikkje sikkert at eit liv med veldig mykje fiber og pesing i motbakkar blir eit lykkeleg liv. Men eit godt sosialt liv hjelper godt på lykka.
Ofte lurar desse helseartiklane oss med prosentrekninga si. Det kan til dømes stå at vi kan reduserer sjansen for hjarteproblem med 5 prosent om vi et meir brokkoli. Det høyrest jo flott ut.
Men når den normale sjansen for å få slike problem berre er 0,3 prosent for folk flest, så betyr ein reduksjon på 5 prosent at risikoen berre går ned til 0,29 prosent. Og det er nett ikkje til trøyst om ein må spise brokkoli kvar einaste dag, også til pinnekjøtet.
Hugs at dei som skriv desse artiklane ikkje gjer det for å hjelpe oss. Dei skal berre tene pengar på at vi klikkar, då får dei òg betalt for reklamen som kjem opp. Eg trur vi kjem lenger med sunn fornuft og ein god fastlege.
janperstyve@gmail.com