Vestfoldbanen – staten sitt mest intime folkehelsetiltak
Plus
Det første du sjekkar når du vaknar, er ikkje vêret.
Det er ikkje meldingar.
Det er ikkje kva dag det er.
Det er Vy-appen.
Ingen forseinkingar.
Du kjenner nesten på ein slags optimisme.
Så køyrer du til Holmestrand, som så mange andre frå Horten og områda rundt.
Du kjem opp på perrongen.
Og DÅ kjem meldinga.
“Innstilt.”“Forsinka.”“Ny informasjon kjem.”“Signalfeil.”
“Signalfeil.”
Eit ord som etter kvart gir same kjensla som når nokon skriv:
“Kan me ta ein prat?”
Så skjer det som alltid skjer:
Ingenting.
Ingen ny informasjon.
Ingen forklaring.
Berre folk som stirrar ned i mobilen og håpar på eit mirakel frå Bane NOR.
Samtidig står folk på perrongar i Larvik, Sandefjord, Stokke, Tønsberg, Skoppum, Holmestrand og Sande og håpar på akkurat det same:
At toget faktisk kjem.
Gamle pendlarar reagerer ikkje lenger.
Dei har oppnådd ei slags kollektiv "zen-tilstand".
Nye pendlarar lærer det ganske fort:
På Vestfoldbanen planlegg du ikkje dagen din.
Du forhandlar med han.
Og når toget først kjem?
Då kjem det eitt togsett der det skulle vore to.
I rushtida!
Det er som å prøva å frakta Sandefjord i ein varebil og kalla det satsing.
På morgonen frå Holmestrand til Oslo kan du framleis vera heldig.
Kjem du tidleg nok, kan du få eit sete delar av vegen.
Så du lever litt på håpet.
Det er heimturen som knuser deg.
Frå Nationaltheatret og Oslo S byrjar ein organisert masseforflytning med dårleg stemning.
Då forsvinn all verdigheit.
Folk kastar seg mot dørene som om siste helikopter ut av katastrofeområdet går frå spor 1.
Og får du sitteplass heim til Holmestrand?
Då kjenner du nesten på spirituell takksemd.
Det er ikkje lenger kollektivtransport.
Det er ei religiøs oppleving.
Du prøver å svara på e-post og halda dagen flytande medan du står fastklemt mellom ein ryggsekk, ein vinterjakke og ein tilfeldig alboge frå Drammen.
Du står så tett på framande menneske at du veit meir om deodoranten deira før Drammen enn du veit om naboen din etter ti år.
Dette er ikkje kollektivtransport.
Dette er kollektiv nærkontakt.
For oss single er Vestfoldbanen eigentleg den mest offensive datingsider staten tilbyr.
Du får augekontakt.
Kroppskontakt.
Og felles traume.
Alt inkludert i månadskortet.
Eg begynner eigentleg å lura på om Vestfoldbanen burde flyttast frå Samferdselsdepartementet til Helse- og omsorgsdepartementet.
For dette er jo eit komplett folkehelsetiltak.
Her får du:
- intervalltrening når buss for tog går frå ein heilt annan plass
- balansetrening mellom folk, koffertar og barnevogner
- stressmestring kvar morgon
- eksponeringsterapi i rushtida
- gruppeterapi på buss for tog
- sosial nærkontakt du aldri bad om
- og immunforsvar frå kollektiv nærkontakt i februar
Og skulle du bli svimmel?
Ikkje noko problem.
På Vestfoldbanen besvimar du ikkje åleine.
Du blir halden oppe av fellesskapet.
Bokstaveleg talt.
Etter nokre år som pendlar får du ein stressrespons som ville imponert Forsvaret.
Fastlegen ville kanskje kalla det bekymringsfullt.
Vestfoldbanen kallar det rushtrafikk.
Og så har me sjølvsagt buss for tog.
Ikkje berre buss for tog.
Det hadde vore for enkelt.
Vestfoldbanen opererer tidvis som kollektivtransportens hinderløype.
Først tog.
Så buss.
Så tog igjen.
Så kanskje ny buss.
Så tog frå Asker inn til Oslo dersom universet er i godt humør den dagen.
På det verste ser reiseruta ut som ho er sett saman av nokon som tapte eit veddemål.
Og dette handlar ikkje berre om slitne pendlarar.
Det handlar om eldre folk som prøver å forstå kvar den midlertidige haldeplassen eigentleg er.
Om folk med koffert som prøver å rekka fly.
Om familiar med barnevogn.
Og om rullestolbrukarar som eigentleg aldri burde måtta lura på om dei kjem seg fram i det heile tatt.
Alternativ transport.
Det høyrest jo nesten eksotisk ut.
Som om me blir frakta med luftskip og jazzmusikk.
Det er ein buss.
Ein heilt vanleg buss.
Berre med dårlegare stemning.
Ingen ropar opp.
Ingen forklarer.
Ingen viser veg.
Du berre følgjer ein tilfeldig menneskeflokk og håpar dei også skal til Oslo.
Det er kollektivtransport basert på flokkinstinkt.
På eit tidspunkt sluttar buss for tog å vera transport.
Det blir gruppeterapi på hjul.
Og heimturen?
Den er ofte verst.
Då er folk ferdige.
Ferdige med jobb.
Ferdige med dagen.
Ferdige med menneske.
Så klart toget kjem med eitt togsett.
For kvifor stoppa galskapen der?
Du har ikkje rekt å eta.
Så du kjøper med deg noko på stasjonen og tenkjer:
“No skal eg i alle fall få i meg litt mat på vegen heim.”
Det er ein fantastisk optimistisk tanke.
Tre sekund etterpå står du fastklemt mellom ein ryggsekk, ein våt dunjakke og ein mann som pustar deg rett i panna frå Drammen til Holmestrand.
Då forstår du at middag på Vestfoldbanen ikkje er mat.
Det er overleving.
Yoghurt på heimturen?
Gløym det.
Det er ikkje mat lenger.
Det er ekstremsport.
Så stoppar toget.
Ikkje på ein stasjon.
Berre stoppar.
Ein stemme kjem over anlegget:
“Me beklagar ulempene.”
Det er eigentleg den mest stabile delen av heile reisa.
Og då kjem den faste rutinen:
“Blir forseinka.”
“Kjem ikkje.”
“Må ta det på Teams.”
Møte blir flytta.
Planar blir avlyst.
Du rekk ikkje barnehagen.
Du kjem for seint til treninga til ungen din.
Slik blir livet.
Ikkje styrt av deg.
Men av eit tog som kanskje går.
Og folk betaler full pris.
For halv kapasitet.
Halv informasjon.
Halv leveranse.
Men rekninga er alltid heil.
Vy aukar prisane.
Regjeringa lovar satsing.
Pendlarane hadde sikkert vore fornøgde med eitt tog som faktisk fungerer.
I Sveits blir folk irriterte når toget er tre minutt forseinka.
På Vestfoldbanen blir folk overraska når toget kjem.
Japan beklagar når toget er 30 sekund forseinka.
På Vestfoldbanen planlegg folk ekstra barnehagetid i tilfelle signalanlegget får samanbrot.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård lovar nye tider, fleire tog og moderne jernbane.
Samtidig blir folk i Vestfold fortalde at dei må venta litt til.
Og litt til.
Og litt til.
No er fire tog i timen mellom Tønsberg og Oslo skyvd vidare igjen.
Det blir åtvara om at system og tryggleik ikkje er klare.
På Vestfoldbanen er til og med framtidige forbetringar forseinka.
Det er nesten poetisk.
I eit av verdas rikaste land står folk framleis på perrongen i Holmestrand og håpar på noko så futuristisk som to togsett i rushtida.
Me har klart å gjera det klimavennlege alternativet til det mest usikre alternativet.
Det er eigentleg imponerande.
På Vestfoldbanen er ikkje toget eit transportmiddel lenger.
Det er eit personleg utviklingskurs i tolmod, stressmeistring og mental beredskap.
Alt inkludert i månadskortet.
Eg har pendla i 19 år og 4 månader.
No sit eg på Stortinget i fire år.
Så akkurat no har eg ein pause frå Vestfoldbanen.
Men eg har ikkje gløymt korleis det er å stå på perrongen i Holmestrand og prøva å rekna ut om du rekk jobb, møte, trening og livet ditt den dagen.
Og eg trudde eigentleg det skulle vera enklare å få forståing for dette når eg kom inn på Stortinget.
Men medan det blir snakka om planar og framtid i dei fine korridorane i Oslo, står folk framleis fast på perrongen utanfor Ring 3.
Og midt oppi dette står dei tilsette.
All ære til dei.
Dei møter opp.
Dei prøver å hjelpa.
Dei får kjeften.
For dei tek støyten for eit system dei ikkje styrer.
Den plassen burde vore reservert for leiinga.
Kanskje statsråden burde prøva Vestfoldbanen ei veke sjølv.
Ikkje med pressefolk og følge.
Berre med månadskort, eitt togsett i rushtida… og håp.
Fremskrittspartiet har pressa på for endringar lenge.
For dette handlar ikkje om luksus.
Det handlar om å få folk på jobb og heim igjen i eit av verdas rikaste land.
Vestfoldbanen har gjort noko ingen trudde var mogleg:
Han har fått folk til å sjå på E18 som eit stabilt alternativ.
Me får stadig høyra at me må reisa meir klimavennleg og velja toget.
Og folk prøver jo.
Dei parkerer bilen.
Kjøper månadskort.
Står på perrongen kvar morgon og gjer sin del for klimaet.
Det er berre synd at staten ikkje møter opp til same dugnaden.
Eg sit i maktas korridorar no.
Men eg er framleis berre éi av 169 stemmer.
Og det hjelper overraskande lite når Vestfoldbanen framleis blir styrt som eit eksperiment i tolmod.
Men eg kjem ikkje til å gi meg.
For folk fortener betre enn dette.
Me snakkar trass alt ikkje om månelanding.
Berre Vestfoldbanen.
Ta vare på kvarandre der ute.
Det verkar ikkje som transportsystemet kjem til å gjera det.