Herold

Frå bukken og havresekken, til snøen som fall i fjor

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Ludvig Langedal, Eikefjord Published: 2026-05-21 10:09:32
Frå bukken og havresekken, til snøen som fall i fjor

Kinn kommune si sak om godtgjersler og tapt arbeidsforteneste blir stadig meir oppsiktsvekkjande. 3. mars stod leiaren i kontrollutvalet fram i Firdaposten og åtvara kraftig mot at kontrollutvalet skulle bli sett til side i saka om godtgjersler.

Han snakka om:

  • tillit
  • uavhengig gransking
  • behov for ekstern kompetanse
  • og faren for at politikarar skulle «granske seg sjølve»

Så alvorleg meinte han saka var at han vurderte å trekkje seg dersom Arbeidarpartiet fekk gjennomslag for sitt forslag.

Han brukte til og med uttrykket: «Nærmare bukken og havresekken er det vel knapt mogleg å kome.»

To dagar seinare, 5. mars, vedtok kommunestyret samrøystes at kontrollutvalet skulle vurdere gjennomgang av praktiseringa av kommunen sitt godtgjersleregulativ.

Bakgrunnen var openbert alvorleg nok:

  • mistanke om ulik praksis
  • spørsmål om dokumentasjon
  • svekka tillit
  • og behov for openheit og kontroll

Frå talarstolen vart det sagt: «Vi veit ikkje kva eventuell uheldig praksis kan vere.»

Jacob Nødseth (V) uttalte: «Nokon har mistanke om at enkelte får for masse, eller for lite.»

Arbeidarpartiet snakka om behov for uavhengig gransking. Kommunestyret meinte altså sjølv at saka var alvorleg nok til at kontrollutvalet måtte involverast.

Men så skjer noko merkeleg.

  1. mai seier den same leiaren i kontrollutvalet frå talarstolen at det å sjå bakover nærast er som: «snøen som fall i fjor»

…og at ein heller bør sjå framover.

Kva skjedde eigentleg mellom 3. mars og 19. mai? For kontroll handlar nettopp om å sjå bakover:

  • om reglane vart følgde
  • om dokumentasjonen var tilstrekkeleg
  • om praksisen var forsvarleg
  • og om offentlege pengar vart utbetalt på rett grunnlag

Kontrollutvalet si eiga uttale peikar samtidig på:

  • uklart grunnlag for krav
  • manglande dokumentasjon
  • behov for styrka kontroll
  • og krav om reelt og dokumenterbart inntektstap

Kommunal- og distriktsdepartementet er også heilt tydelege: «Det er ikkje nok at tida den folkevalde bruker til sitt offentlege verv, kunne ha vore nytta til andre gjeremål.»

Likevel verkar det no som delar av den politiske leiinga helst vil tone ned sjølve kontrollspørsmålet. Først var saka så alvorleg at kontrollutvalsleiaren vurderte å trekkje seg. Nokre veker seinare er fortida blitt «snøen som fall i fjor».

Det er ei oppsiktsvekkjande utvikling.

Tilliten til lokaldemokratiet blir ikkje gjenoppretta ved å tone ned behovet for kontroll. Tilliten kjem først når kontrollen faktisk blir gjennomført – også når han kan bli ubehageleg.

🏷️ Extracted Entities (2)

Arbeidarpartiet (entity) Jacob Nødseth V (person)