Herold

Dette må ein tenke på: Alver vil bli mindre verdifull og attraktiv

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-05-21 10:28:14
Dette må ein tenke på: Alver vil bli mindre verdifull og attraktiv

Det kostar for kommunen å ha ungar. Dei skal ha både barnehage, skule og leikeplass. Samstundes er barnefamiliane gullet og kraftreserven for framtida. Og denne gruppa er kresen når dei vel bustad.

Det er nokre nøkkelfaktorar som speler inn når folk bestemmer seg for kvar familien skal bu:

  • Familievennlege bustader
  • Eit nærsamfunn der barn kan leike og vere i lag med andre barn
  • Eit fellesskap med andre menneske i same livssituasjon
  • Nærleik til jobb
  • Nærleik til skule
  • Familieband

Alle desse faktorane heng saman og er avhengig av kvarandre. Og alle speler inn når menneske i etableringsfasen peiker ut staden dei vil skape seg eit liv.

Skulen er arenaen som legg grunnlaget for det sosiale livet til barna. Dette veit foreldra. Og med på kjøpet får dei sjølv eit fellesskap med andre vaksne i nærleiken.

Utan ein skule i lokalsamfunnet, kan dei ikkje vere sikre på at dei får nokon av desse tinga.

Ein annan faktor som speler inn for busetting, er familieband, med sine openberre kjenslemessige gode. Men også praktiske som hjelp til barnepass.

Men dersom dei andre faktorane ikkje er på plass, må folk ta ei ekstra vurdering før dei vel å slå seg ned.

Dette må Alver kommune vere klar over. Ved å legge ned skular, gjer dei mange bygder til mindre attraktive stader å bu. Og sidan Alver er bygd opp av mange ulike bygder, blir dermed Alver ein mindre attraktiv stad å bu.

Verdien til eit lokalsamfunn kan sjølvsagt vanskeleg reknast i pengar. Men det er likevel verd å sjå til forsking på bustadprisar i forhold til skuleavstand.

Det er ein tydeleg negativ korrelasjon mellom avstand til ein skule og prisen på bustaden.

Forskinga slår fast at bustadprisane fell om lag 1,3 % for kvar ekstra kilometer avstand til skulen. Og ei skulenedlegging gjev eit verdifall på mellom 3 % og 5,5 % for bustadane i området.

Bustadprisar er ein udiskutabel indikasjon på kor attraktivt det er å busetje seg i eit område.

No står vi overfor at fleire og fleire stader i Alver blir mindre verdifulle og attraktive.

Stadene som har blomstra og opplevd vekst, har alle punkta øvst i teksten på plass.

Ta Frekhaug som eit eksempel.Her har befolkningsauken blant barnefamiliar vore formidabel. Det sosiale tilbodet og fellesskapet for både barn og vaksne har hatt ein sjølvforsterkande effekt og gjort at folk vil flytte til, eller flytte tilbake til staden.

No kan Frekhaug miste ungdomsskulen sin. Det er eit kraftig slag for sjølvbilde. For Frekhaug er i Alver-samanheng ein stor og viktig stad.

Ein drivkraft for initiativ og unge tilflyttarar. «Skal vi ikkje ein gong kunne ha ein ungdomsskule på Frekhaug? «Kor kan vi då ha ungdomsskule?»

Det er eit kontraktsbrotmed dei som har slått seg ned, investert tid og pengar og vore med å skape eit lokalsamfunn.

På Frekhaug har tilflyttarar hatt ein sosial arena, fritidstilbod og gangavstand til barne- og ungdomsskule. Eg trur nok ingen av dei som har flytta til Frekhaug dei siste åra, hadde tenkt at ungdomsskulen kunne bli lagt ned.

Og kva tenker dei som no vurderer å flytte dit?

For dei som bur i Grasdal-området er effekten dobbel. Dei kan miste barneskulen og få lengre veg til ungdomsskulen. Det var ikkje dette dei sa ja til, då dei valde lokalsamfunnet sitt.

Også Seim kan bli ståande med eit stort flott skulebygg, heilt tomt for barn.

Alver kjem til å spare pengar på å legge ned skular og kommunen er i ein situasjon der sparing er heilt nødvendig. Eg misunner ikkje situasjonen Alver-politikarane står i no.

Men ein må ha to tankar i hovudet samstundes. Ein må også tenke over korleis skulenedleggingane devaluerer Alver og gjer heile kommunen mindre verdifull.

Det kan få store konsekvensar på sikt.

Kritikken mot «høghusa» i Knarvik fell på sin eigen urimelegheit

🏷️ Extracted Entities (5)

Alver (entity) Frekhaug (entity) Grasdal (place) Knarvik (place) Seim (entity)