– Damene har tatt over rattet
Plus
Den eksklusive kortesjen fekk eit uventa stopp på vegen.
Onsdag morgon sette eit følge med bilar som Ferrari, Lamborghini og Porsche ut frå Bergen. Dei gjekk i gang med dag to av ei vekes biltur.
Dries Schietaert og selskapet hans AB Event arrangerer bilturar for pengesterke entusiastar rundt om i heile Europa. Denne gongen var turen komen til Norge.
Det var mange som merka då den høglydte kortesjen køyrde over Flatøy, Knarvik og vidare innover Osterfjorden.
– Eg kan tenke meg at folk sperra opp auga, mange som kjem frå små stader har aldri sett slike biler, seier Schietaert.
Eit uventa stopp på vegen
Han fortel om møte med lokalbefolkning og slåande natur. Schietaert presiserer at slike opplevingar er best å dele med andre og at det er difor dei køyrer i gruppe.
– Dette handlar ikkje om å køyre fort, men om å nyte turen og landskapet.
Litt fart har det nok likevel vore på hjula, for i 10-tida stoppa politiet i Nordhordland seks av bilane på E39.
Ein bil vart målt i 122 km/t i 80-sona, ein annan i 116, medan ein tredje køyrde i 90 i 60-sona.
Det enda med tre beslaglagde førarkort og tre forenkla førelegg.
– Det stemmer det. Det var nokre som køyrde litt for fort på eit rett strekke, seier Schietaert og legg til:
– Så no er det damene som har tatt over rattet.
Tur kvar månad
Sjølv var Schietaert i Norge allereie i Januar for køyre ruta og lage til eit opplegg. Han arbeidde tidlegare for Ferrari og bygde dermed opp eit nettverk.
– Eg vart kjend med mange kule menneske gjennom den jobben og no arrangerer eg slike turar kvar månad.
Med damene i førarsetet gjekk turen vidare til Norangdal i Ørsta.
– Målet for fleire på turen er å køyre Atlanterhavsvegen. Så drar vi til Hemsedal og vidare nedover, før vi tek ferja heim frå Larvik.