Herold

Sauen er eit ålreit dyr

Plus
Kilde: NH Author: Ingvar Sleire Published: 2026-05-21 18:22:21
Sauen er eit ålreit dyr

Tankar som kjem frå langt tilbake, svært langt tilbake. Fødd og vaks opp på ein liten Vestlandsgard .

Dyrehaldet kunne vera mangfaldig, men få av kvart slag. Kyr, storfe, gris, høner og sau. Beitemarka nærast garden måtte nyttast til mjølkekyr og storfe. Utmarksbeitet for sauene fekk bøndene avtale med andre bønder som disponerte store fjellområde i fjerntliggjande område .

Med stor ungeflokk og mange rundt bordet måtte bonden ta løna arbeid utanom garden. Lov om barnearbeid var ikkje oppfunne så det var ein sjølvsagt ting at vi ungar deltok på vårt vis . Vannkjelda for hushald og dyr låg ikkje rett ut for døra, den måtte gravast der vatnet var å finna. Det var her barnearbeidet kom inn. Å henta vatten til hushaldning og dyr var fast barnearbeid den dagen vi var fri for skulen. I våronna og slåtten måtte vi også hjelpa til når vi hadde nokre år på oss, vi gjorde vaksenmans arbeid om det måtte til.

Eit minne eg har som 10 åring: Sauene skulle fraktast til fjellbeite. Tre gardar i bygda var blitt samde om fellestrasport, dei hadde fått beiterett i Gullfjellet denne sumaren. Eg vart spurd om å vera med frå vår gard for å halda saueflokken samla under reisa. To bønder som begge heitte det same (Ole og Ole) samt eg. Sauene vart frakta med båt frå Holmeknappen til Indre Arna. Båtreisa må ha teke to-tre timar. Flokken var på ca. 30-40 dyr.

Dette må bli ein spennande dag og kry for å bli til nytte for eit slikt oppdrag, tenkte eg. På førehand vart det eine paret beksaumstøvlar som paste fleire sine føter heime, sende til såling. Dette var mildt sagt dårleg planlagt, eit nummer for små og ein ny såle stiv som ei fjøl. Dette kjentest ikkje bra ut, men båtturen gjekk utan problem.

Frå Arnavågen bar det av garde med samla saueflokk, det er jo eit flokkdyr, den eine Ole framføre med ledesau i bann, den andre Ole hadde kontroll bak flokken. Mitt oppdrag var passa på at sauene held seg på den smale bygdevegen som førte sørover til Espeland. Etter å ha kryssa Hardangervegen fekk eg meg ei overrasking. Uvitande om at det framleis var krigsfangar i Norge. Eg gløymde ei stund at støvlane var tronge og harde.

I fangedrakter, men innesperra bak høge gjerde, kunne det sjå ut som fangane utførde eit slags arbeide i åkeren. Dette hadde ikkje vore på timeplanen i historietimen på skulen eg gjekk. Ferda gjekk vidare oppover Espelandsdalen og vi hadde brukbar kontroll på flokken. No var det motbakkane opp til Osavatnet tok til. Dei nysåla støvlane kjendest no TO nummer for små. Eg såg berre fram til at ein av dei to Olene skulle foreslå å ta fram turmaten vår. Men nei, det måtte venta til flokken var vel framme ved Osavatnet.

Etter ein god kvil bar det same vegen tilbake. Unnabakken var meir smertefull enn motbakken, men vi var då på veg heim. Framme ved hovedvegen stod busskuret å venta. Like ved var ei veikro. Den eldste av Olene spurte om han skulle kjøpe drikke. Ja takk. Han besøkte veikroa og kom tilbake med ei flaske Selters. Det kunne han spart seg, for det var ikkje godt.

Den blå bussen som frakta reisande mellom Bergen og Hardanger kom som bestilt, og sauebøndene som frakta saueflokken til fjellbeitet, var fornøgde med oppdraget.

🏷️ Extracted Entities (16)

Ole (entity) Olene (entity) Osavatnet (entity) Bergen (entity) Espeland (place) Espelandsdalen (entity) Frå Arnavågen (person) Gullfjellet (entity) Hardanger (entity) Hardangervegen (entity) Holmeknappen (entity) Indre Arna (person) Norge (entity) Selters (entity) TO (entity) Vestlandsgard (entity)