Tobias Santelmann har trekt seg frå «The White Lotus»
Skodespelar Tobias Santelmann skal ikkje lenger vera med i HBO-serien «The White Lotus». Det melder VG. 30. mars meldte Warner Bros. Discovery at Santelmann sto på rollelista i den fjerde sesongen av den populære HBO-serien. Santelmann sitt agentur seier til VG at han ikkje lenger kunne delta fordi det krasja med andre oppdrag. – Han er stor fan av serien, men akkurat no er det berre ikkje mogleg å få til, seier Annika Witkowska i Salomonsson agency til avisa i ein e-post. Frå før av har skodespelar Helena Bonham Carter òg trekt seg frå den same produksjonen.
Tobias Santelmann har trekt seg frå «The White Lotus»
Skodespelar Tobias Santelmann skal ikkje lenger vera med i HBO-serien «The White Lotus».
Det melder VG.
- mars meldte Warner Bros. Discovery at Santelmann sto på rollelista i den fjerde sesongen av den populære HBO-serien.
Santelmann sitt agentur seier til VG at han ikkje lenger kunne delta fordi det krasja med andre oppdrag.
– Han er stor fan av serien, men akkurat no er det berre ikkje mogleg å få til, seier Annika Witkowska i Salomonsson agency til avisa i ein e-post.
Frå før av har skodespelar Helena Bonham Carter òg trekt seg frå den same produksjonen.