Herold

Her bur dei som blør mest på bensinstasjonen

Kilde: NRK Author: Håvard Nyhus Published: 2026-05-21 07:13:44
Her bur dei som blør mest på bensinstasjonen

Ny rapport viser at høge drivstoffprisar svir mest for vanlege folk i distrikta, medan dei rikaste har skjerma seg med elbil.

Saka oppsummert:

Ein ny rapport frå CICERO og TØI korrigerer førestillinga om kven som blør mest på bensinstasjonen. Mens dei rikaste køyrer elbil og dei fattigaste i byane ofte ikkje har bil, er det den norske middelklassen og pendlarar i distrikta som tek den største drivstoff-smellen.

Rapporten kastar også bensin på det politiske bålet på Stortinget. Han viser at vårens avgiftskutt – der vegbruksavgifta vart sett til null – reelt sett premierer dei rikaste. Årsaka er at dei med høg inntekt framleis eig flest bilar og køyrer desidert lengst i året. Sidan eit avgiftskutt gjev lette per liter, får dei som køyrer mest, også dei største summane i reine kroner frå staten.

Ein ny rapport frå Cicero og Transportøkonomisk institutt (TØI) korrigerer myten om kven som vert råka hardast av høge pumpeprisar.

Ikkje låginntektshushald eller dei med høgast inntekt.

Men dei som er imidtsjiktet*.*

Rapporten landar midt i den betente politiske striden på Stortinget, som tidlegare i vår vedtok å setja vegbruksavgifta til null for å dempa «krisa for norske bilistar».

Sidan har dragkampen stått om momsen og CO2-avgifta bør kuttast tilsvarande, og kven som eventuelt får mest igjen for ei slik handstrekking.

Geografi trumfar inntekt

Analysen, som baserer seg på tal frå køyretøyregisteret og inntektsstatistikken, viser vidare at folk i distrikta er langt meir utsette for høge pumpeprisar enn dei som bur sentralt.

Forklaringa er ein kombinasjon av høgt bileigarskap og kva slags bil folk køyrer.

Medan mange låginntektsfamiliar ikkje har bil i det heile, har høginntektshushald gjerne fleire bilar, og kan byte til elbil i periodar med høge pumpeprisar.

Resultatet er at utgiftsbyrda – altså kor stor del av den disponible inntekta som går til drivstoff – er høgast i midten av inntektsfordelinga og hjå dei som bur i distrikta.

Sjå fleire detaljar frå rapporten under.

– Det er hushalda midt i inntektsfordelinga som i gjennomsnitt er mest eksponerte for høge drivstoffprisar, seier Nina Bruvik Westberg, seniorforskar ved Cicero.

Dei køyrer mykje, men har i mindre grad gått over til elbil enn dei med høgast inntekter.

Dei sårbare 5 prosentane: Einslege og ålenemødrer

Sjølv om drivstoffutgifter utgjer ein relativt liten del av det totale budsjettet for dei aller fleste nordmenn, avdekker rapporten ei særleg utsett og sårbar gruppe:

åleinebuande og eineforsørgjarar i distrikta.

Desse har ikkje økonomisk handlingsrom til å kjøpe ein ny eller brukt elbil, og dei har inga moglegheit til å kutte ut bilbruken i kvardagen.

For denne gruppa – som utgjer rundt 5 prosent av norske hushald – kan prishopp på stasjonane føre til ein akutt krise for privatøkonomien.

Dei rike køyrer elbil, medan dei fattigaste ofte ikkje har bil i det heile. Den verkelege drivstoff-smellen er det den norske middelklassen og ei sårbar gruppe åleineforeldre og einslege i distrikta som må ta.

Eit tviegga sverd

Forskarane bak rapporten peikar på at generelle avgiftskutt er eit tviegga sverd i klimapolitikken, og drøftar om det heller bør innførast direkte pengestøtte til låginntektsgrupper i distrikta.

– Det vil ofte vere ei avveging mellom å verne sårbare hushald og å la prisane signalisere at det er skort på drivstoff, slik at folk vil bruke mindre, seier forskar Sofie Waage Skjeflo.

Ho har leidd arbeidet med notatet og trekkjer parallellar til den oppheita debatten om straumstøtta:

Det finst inga enkel politisk løysing som både treffer dei mest utsette perfekt, sparer fellesskapen sine midlar, og samtidig spelar på lag med klimamåla.

Alt du vil vite om pumpeprisen, men ikkje tør å spørje om

1. Kvifor blir bensinen dyrare med ein gong, når tanken under bakken blei fylt for fleire dagar sidan?

Det korte svaret er erstatningskostnad. Bensinstasjonane set ikkje prisen etter kva dei betalte for lasset dei har i tanken, men etter kva det vil koste å kjøpe inn det neste.

Likviditet: Viss ein stasjon sel bensin til 20 kroner (kjøpt for 18 kroner), men prisen for å fylle opp tanken plutseleg er 22 kroner, vil stasjonen tape pengar på sikt dersom dei ikkje justerer prisen med ein gong.

Marknadssignal: Prisane på bensin og diesel i Noreg følger dei internasjonale produktbørsane, som i Rotterdam. Desse reagerer på sekundet når det bryt ut konflikt i Midtausten. Norske kjeder justerer sine rettleiande prisar etter desse børsane, ikkje etter det fysiske lageret i tanken.

2. Kjem drivstoffet vårt frå Midtausten?

I hovudsak nei. Noreg er sjølvforsynt med råolje, men vi har eit paradoks: Vi er ein stor oljeeksportør, men har avgrensa kapasitet til raffinering. Berre Mongstad er igjen.

Det meste av drivstoffet vi fyller er enten raffinert her i landet eller importert frå Nord-Europa. Sjølv om vi ikkje bruker «dropar» frå Midtausten, blir prisen styrt av den globale marknaden. Olje er ei vare som er lik overalt. Viss tilgangen på olje frå Midtausten minkar, må alle andre betale meir for den olja som finst andre stader fordi etterspørselen aukar globalt.

3. Har det komme «dyr olje» til Noreg enda?

I fysisk form: Nei. Olja som blei seld til krigspris i går, ligg kanskje framleis i røyrleidningar eller på tankskip. Det tar veker før råolje blir til ferdig bensin på ei norsk pumpe.

Men som nemnt er prisen på skiltet ein refleksjon av forventninga i verdsmarknaden og kostnaden for neste leveranse, ikkje den fysiske væska i slangen.

4. Går prisen ned «på dagen» når konflikten er over?

Nei. Fenomenet blir ofte kalla «Rockets and Feathers» (rakettar og fjør):

Raketten: Prisane skyt opp lynraskt når råoljeprisen aukar. Dette gjer kjedene for å sikre at dei har råd til neste innkjøp.

Fjøra: Prisane dalar sakte som ei fjør når oljeprisen fell.

Årsaka til at det går tregare nedover er ofte mangel på konkurranse lokalt i dagane etter eit prisfall. Kjedene ønsker å hente inn igjen marginane dei tapte då prisen steig brått. Du må altså som regel vente lenger på nedgangen enn du måtte på oppgangen.

Debatten om bensin- og dieselavgifter har kokt på Stortinget denne våren. Etter at fleirtalet pressa gjennom å setja vegbruksavgifta til null, har diskusjonen rase: Hjelper det eigentleg dei som treng det mest?

🏷️ Extracted Entities (21)

Midtausten (entity) Bil 📁 (category) Bil og miljø 📁 (category) Bil og motor 📁 (category) Drivstoffprisen (Hordaland) 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Samferdsel 📁 (category) Samfunn 📁 (category) Samfunnsliv 📁 (category) Stortinget (entity) Trafikk i Vestland 📁 (category) CICERO (entity) Noreg (entity) TØI (entity) Berre Mongstad (person) CO2 (entity) Nina Bruvik Westberg (person) Nord-Europa (entity) Rockets and Feathers (entity) Rotterdam (place) Transportøkonomisk (entity)

📊 Metadata

Category: Samferdsel, Bil og miljø, Bil og motor, Bil, Drivstoffprisen (Hordaland), Politikk og samfunn, Samfunn, Samfunnsliv, Trafikk i Vestland