Air France og Airbus funne skuldige i aktlaust drap etter flystyrt i 2009
Selskapa vart frikjende i 2023, men no har ein ankedomstol i Paris funne dei skuldige.
Kvart av selskapa er no dĂžmd til Ă„ betale 225.000 euro for flyulukka som kravde 228 menneskeliv, skriv Reuters.
Fire nordmenn var blant dei omkomne.
BÄde Air France og Airbus vart frikjende i 2023, men ein ankedomstol i Paris har funne begge selskapa skuldige i aktlaust drap etter flystyrten.
IfĂžlgje Reuters, er det er forventa at saka vert anka vidare.
Mista far og bror
Kristian Berg Andersen, Karsten Moholt og Karsten Aleksander Moholt omkom. I tillegg dÞydde ein 11 Är gamal gut som hadde bÄde norsk og britisk statsborgarskap.
Linn Cecilie Moholt mista faren og broren i ulukka. Ho fortel til NRK at dommen er eit steg i riktig retning.
â For oss i familien er det viktigaste at ein snur alle steinar og gjer alt for Ă„ forhindre at slike tragiske ulukker gjentar seg, seier Moholt.
Menneskeleg og teknisk svikt
Flyet var pÄ veg frÄ Rio de Janeiro til Paris dÄ det styrta i Atlanteren i 2009. Styrten skjedde pÄ grunn av menneskeleg og teknisk svikt.
Det var kraftig uvĂȘr, som gjorde at instrumenta svika, og flygarane gjorde fleire feil. Flyet stegla, mista oppdrifta og styrta.
SĂžket etter flyvraket var krevjande og tok lang tid. FĂžrst etter to Ă„r vart vraket av Airbus A330-flyet og det tekniske utstyret funne â pĂ„ 4000 meter djupne.
Brasiliansk Hercules-pilot leiter etter vrakdelar frÄ det sakna Air France-flyet.