Herold

- Her i Vaksdal har det enkle smilet frå nokon du møter, blitt som medisin for meg

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-05-21 06:37:49
- Her i Vaksdal har det enkle smilet frå nokon du møter, blitt som medisin for meg

Yuliia Krasnitskaja flykta frå krigen i Ukraina til Stanghelle. No lærer ho seg språket og drøymer om å jobba med økonomi igjen.

Yuliia (41) har utdanning innan rekneskap og revisjon. I heimlandet Ukraina jobba ho som avdelingsleiar i ein bank. Ho hadde ansvar for kundeservice, lån og strategisk planlegging. No bur ho i Vaksdal kommune. Ho jobbar som assistent i skulen, men målet er ein jobb innan finans eller administrasjon.

- Eg tek gjerne imot ei stilling som kontorassistent eller innan dataregistrering i starten. Det viktigaste er å koma inn i eit norsk arbeidsmiljø, seier Yuliia Krasnitskaja.

Ny arbeidskultur

For tida jobbar ho for å nå nivå B1 i norsk. Samstundes lærer ho engelsk. Ho merkar tydelege skilnader på arbeidslivet i Noreg og Ukraina. I Ukraina er tempoet raskt og oppgåvene mange. I Noreg set ho pris på balansen mellom jobb og fritid.

- Eg likar den norske tilnærminga svært godt, der vekta ligg på kvalitet, stabilitet og tillit mellom kollegaer, forklarar Krasnitskaja.

Saknar eit fredeleg liv

Kontrasten til heimen i Ukraina er tydeleg. Der dreiv familien ein gard med dyr og frukthage. Døra var alltid open for vener. No er det freden ho saknar mest. Minna om hagen og eit liv utan frykt betyr mykje for henne.

- Eg saknar den kjensla av ro, når du berre lever, dyrkar hagen din og ikkje er redd for morgondagen, fortel Krasnitskaja.

Finn ro i naturen

I Noreg brukar ho mykje tid ute. Ho tek bilete og lagar videoar av naturen. Desse deler ho på sosiale medium. Yuliia trivst spesielt godt på Stanghelle. Der kan ho sitja ved vatnet og samla tankane.

- Når ein ser på vatnet og dei majestetiske fjella rundt, kjem dei lysaste tankane. Dette er ein stad der eg kjenner ekte fred, seier Krasnitskaja.

Smilet på gata

Møtet med Vaksdal har vore prega av tryggleik. Klimaet er kjølig, men innbyggjarane er imøtekomande. Ho fortel at folk smiler til henne på gata. Dette var ho ikkje van med frå heimlandet etter at krigen braut ut. Trua på Gud er òg ei sentral støtte i kvardagen hennar.

- Her i Vaksdal har dette enkle smilet frå nokon du møter på gata, blitt som ein medisin for meg. Det minner meg om at verda kan vera god.

Draumen for framtida

Framover vil ho halda fram med integreringa i samfunnet. Draumen hennar fem år fram i tid er ein fast jobb innan fagfeltet sitt. Ho ønskjer at sonen skal gjera det bra på skulen. Samstundes håpar ho på fred i Ukraina.

Yuliia vil gjerne visa nordmenn noko av sine mattradisjonar. Dersom ho skulle invitert naboane på middag ein, står menyen klar.

- Eg ville definitivt ha laga ekte ukrainsk bortsj med pampusjky (Ukrainsk brød) og kvitlauk. Til dessert ville det vorte heimelaga vareniki (dumplings) eller fersk bakst, smilar Yuliia Krasnitskaja.

🏷️ Extracted Entities (8)

Vaksdal (place) Ukraina (entity) Yuliia Krasnitskaja (person) Noreg (entity) Stanghelle (entity) B1 (entity) Gud (entity) Ukrainsk (entity)