Herold

Skal me bygga landet eller berre la austlendingane spara sju nye minutt?

Plus
Kilde: Ringblad Author: SĂžlve Rydland Published: 2026-05-21 07:50:14
Skal me bygga landet eller berre la austlendingane spara sju nye minutt?

Norsk jernbanepolitikk kan ikkje lenger berre handla om Ă„ kutta nokre nye minutt i pendletida i hovudstadsomrĂ„det. Om Stortinget vil, er prosjektet som har enorm verdi – bĂ„de i og langt utanfor oslogryta – no gryteklart.

SĂžlve Rydland Bio

Det var ein av dei aller stÞrste dagane i norsk historie dÄ kong Haakon ein laurdag i november 1909 troppa opp pÄ Voss stasjon.

Der opna han det stÞrste lÞftet for norsk samferdsle noko sinne. Reisa mellom dei to stÞrste byane i Norge, som til dÄ hadde tatt minst to dÞgn, var plutseleg unnagjort pÄ 14 timar.

Satsinga pÄ Bergensbanen stoppa ikkje der. I 1937 var reisetida mellom Bergen og Oslo nede i 10 timar og 30 minutt. I 1966 hadde det skjedd nye framsteg. Ekspresstoget brukte dÄ 6 timar og 45 minutt frÄ bysentrum til bysentrum.

60 Är seinare har det skjedd forsvinnande lite med den reelle reisetida. Berre eitt av dei daglege toga mellom Oslo og Bergen greier i dag Ä slÄ ekspresstoget frÄ 60-talet.

Fleire tiÄr med skammeleg svak satsing pÄ norske langdistansetog, har resultert i at dei reisande kan stola mindre pÄ Bergensbanen enn nokon gong.

No har faktisk norske politikarar ein etterlengta sjanse til Ä kasta seg pÄ eit tog som for lengst har forlate perrongen i samanliknbare europeiske land.

Ja. Medan Norge har sove i timen har det mellom 1990 og 2026 skjedd dramatiske endringar i reisetida mellom europeiske storbyar. Mellom Roma og Milano, Madrid og Barcelona, og Paris og Marseille er reisetida halvert pĂ„ alle strekningar. Mellom Stockholm og Göteborg har ein ĂČg greidd Ă„ fĂ„ reisetida ned med opp til to timar i den same perioden.

Mellom Bergen og Oslo har tida stÄtt pinleg stille.

Sanninga er eigentleg at Bergensbanen aldri vart fullfÞrt. Fram til 1989 tok toga frÄ vest pÄ Bergensbanen ein krapp sving nordover frÄ HÞnefoss mot Roa. Deretter vart omvegen erstatta med ein ny, nemleg dagens trase om Drammen.

Ser du pÄ kartet snakkar me om ein heilt irrasjonell omveg for den viktigaste og mest framtidsretta fjerntogstrekninga i landet.

Om det ikkje hadde vore for eit spektakulĂŠrt lĂžftebrot kunne det ha vore annleis.

I 1992 fekkluringen Kjell Opseth (Ap) eit motvillig SV med pÄ Ä fÄ banka gjennom LÊrdalstunnelen, og at E16 over Filefjell skulle verta den prioriterte stamvegen mellom aust og vest. Motytinga var at SV skulle fÄ Ringeriksbanen, som skulle kutta reisetida pÄ Bergensbanen med ein time, og fjerna den teite omvegen ein gong for alle.

Sidan har det vore litt fram, litt tilbake, men aller mest god gammaldags trenering. I 2012, fleire tiÄr for seint, gjekk det opp for Jernbaneverket at ei moderne togsatsing burde ha dobbeltspor (!). Dermed mÄtte heile prosjektet planleggast pÄ nytt.

No har faktisk norske politikarar ein gyllen sjanse til Ă„ visa at norske jernbanevisjonar er meir enn – berre – Ă„ jakta nokre minutt i spart reisetid for pendlarar innanfor omrĂ„det som allereie er den verkeleg store sentraliseringsmagneten i Norge.

Ringeriksbanen – den rette streken pĂ„ kartet som har vore etterlyst sidan fĂžr 1909 – er nemleg ferdig planlagt og regulert.

For 23 milliardar– om ein berre ser pĂ„ jernbanedelen av prosjektet – kan reisetida mellom HĂžnefoss og Sandvika reduserast med 50 minutt.

Til samanlikning: Follobanen fekk ein endeleg prislapp pÄ 37 milliardar, og kutta reisetida mellom Oslo og Ski med elleve minutt. Og dobbeltsporet pÄ Østfoldbanen er kostnadsrekna til 40 milliardar for Ä korta ned reisetida mellom Oslo og Fredrikstad med sju minutt.

Dette er ĂČg viktige prosjekt, som oppnĂ„r meir enn berre kortare reisetid. Det er likevel ein alt for trang horisont nĂ„r det gjeld fordelinga av norske jernbanekroner.

Norsk jernbanepolitikk mÄ ut av eit spor der ein berre hjelper folk i sentrale strok Ä korta ned pÄ ei jobbreise som allereie er veldig konkurransedyktig med tilsvarande arbeidsmarknadar i resten av landet.

I tillegg til hÞg regional verdi i austlandsomrÄdet, der Ringerike for alvor kan verta ein del av hovudstadsregionen, har prosjektet nasjonale perspektiv som slÄr resten av dei kostbare intercityplanane ned i stÞvlane.

Saman med dobbeltsporetmellom FlĂžen og Arna, som vart opna i 2024, og det vedtatte dobbeltsporet mellom Arna og Stanghelle vil prosjektet kutta reisetida mellom Bergen og Oslo med ein time og fem minutt.

NÄr strekninga mellom Stanghelle og Voss er pÄ plass, vil reisetida nÊrma seg fem timar.

DÄ er det nye kryssingsspor og retting av svingar som gjenstÄr om kongstanken om fire timar reisetid skal verta realisert.

Joda. Det er store investeringar som mÄ til for Ä ta igjen tiÄr pÄ tiÄr utan ambisjonar for den viktigaste langdistansestrekninga pÄ det norske tognettet.

Jernbaneverket sin fjerntogstrategi, som vart lagt fram i fjor, viser at ei reisetid pÄ om lag fem timar, kombinert med prismekanismar som favoriserer tog samanlikna med fly, kan redusera talet pÄ flyreiser drastisk, og fÞra til ein kraftig reduksjon i klimagassutslepp frÄ reiser mellom dei to stÞrste byane i landet.

Om ein greier mÄletom fire timar frÄ bysentrum til bysentrum meiner ekspertane at toget kjem til Ä verta dominerande reisevalet.

For beredskapen og kapasiteten i den sĂŠrs viktige godstrafikken mellom aust og vest vil Ringeriksbanen i tillegg ha stor verdi, fordi godstoga vil fĂ„ tre alternativ ut og inn av det sentrale austlandsomrĂ„det, noko som ĂČg vil styrka forsyningstryggleiken.

Nyleg gjekk Bergen nÊringsrÄd ut saman med Forum nye Bergensbanen og aktÞrar pÄ Ringerike for Ä fÄ fortgang i realiseringa.

Det er pÄ tide. Utan mas frÄ Bergen hadde Bergensbanen aldri vorte til.

No bĂžr Ringeriksbanen rett og slett fram som det neste prosjektet i intercity-utbygginga.

Dessverre gjer manglande satsing over mange tiÄr at barnebarnet til kong Haakon neppe fÄr gleda av Ä klippa snora pÄ prosjektet som fullfÞrer Bergensbanen.

Det hadde likevel vore ei knakande god historie om ein ny kong Haakon, tidleg i si regjeringstid, fÄr visa at han er konge i eit land med ambisjonar om Ä bygga landet.

Kommentarfeltet er stengt

Tag-reel: Sett disse?

đŸ·ïž Extracted Entities (35)

Bergen (entity) Bergensbanen (entity) Oslo (place) Haakon (person) Norge (entity) Ringeriksbanen (entity) Arna (entity) HÞnefoss (entity) Ringerike (entity) SV (entity) Stanghelle (entity) Voss (entity) Barcelona (place) Drammen (entity) E16 (entity) Filefjell (entity) FlÞen (entity) Forum (entity) Fredrikstad (place) Göteborg (entity) Jernbaneverket (entity) Kjell Opseth Ap (person) LÊrdalstunnelen (entity) Madrid (place) Marseille (place) Mellom Roma (person) Mellom Stockholm (person) Milano (entity) Paris (place) Roa (entity) Sandvika (entity) Ski (entity) Stortinget (entity) SÞlve Rydland Bio (person) Østfoldbanen (entity)