No må kommunen sikre ein open og reell prosess
Plus
Kommunestyret valde 7. mai med breitt fleirtal å ta lovlighetsklagen til følge og oppheve vedtaket om nedlegging av Øverbygd legekontor.
Det betyr at saka no skal behandlast på nytt.
For Rødt er det viktigaste framover at kommunen no får ein open, grundig og reell prosess der alle relevante partar blir høyrde før nytt vedtak blir fatta.
Denne saka har vist kor viktig det er med gode saksdokument, brei involvering og eit best mogleg faktagrunnlag når kommunestyret skal ta så store avgjerder.
No forventar vi at:
- Eldrerådet
- Råd for personar med funksjonsnedsetting
- Ungdomsrådet
- Fagforbund
- Tillitsvalde
- Tilsette og fagmiljø
blir involvert på ein skikkeleg måte i det vidare arbeidet.
Det er heilt avgjerande at innspela frå desse partane ikkje berre blir innhenta, men også kjem tydeleg fram i saksdokumenta som kommunestyret skal behandle. Politikarane må få tilgang til all relevant informasjon for å kunne ta best mogleg avgjørelser for heile Målselv.
For Rødt handlar dette både om innbyggjarane og dei tilsette. Ei god legeteneste krev stabile fagmiljø, føreseielege rammer og tillit mellom administrasjon, politikarar og fagfolk.
Vi meiner framleis at en ekstern og uavhengig gjennomgang ville vore naturleg i ei sak der det har vore så stor uenighet om både fakta, økonomi og prosess. I andre sektorer ville dette vore heilt normalt. Når fleire parti vel å støtte ei lovlighetsklage, seier det også noko om at tilliten til prosessen har vore utfordra.
No må fokuset vere framoverretta.
Rødt kjem til å følge saka tett vidare og arbeide for at kommunen finn den beste langsiktige løysinga for både Øverbygd, Andslimoen og heile Målselv.