Herold

Her blir Maríel Emilía døypt i det sjarmerande kapellet

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-05-20 11:00:00
Her blir Maríel Emilía døypt i det sjarmerande kapellet

Det blei ein uvanleg sjarmerande dåp for vesle Maríel Emilía Tryggvadóttir Gjerde på Kristi himmelfartsdag 14. mai.

Då var det nemleg friluftsgudsteneste på Gullhaug, utsiktspunktet på Fatland sør på Halsnøy, som òg har eit sjarmerande lite kapell. Her valde ein islandsk familie som har slått seg ned i Kvinnherad og på Fatland, å døypa jenta si.

«Det er ikkje vanleg at dåpshandlingane føregår utanfor vigsla lokale, men dette var faktisk den andre dåpen me har på Gullhaug denne våren»,skriv Arne Gjerde som eig Gullhaug og Fatlandskogen, i eit referat på nettsida til Gullhaug.

Elles vart friluftsgudstenesta leia av prest Øyvind Heggland, og organist var Torvald Gjerde på trekkspel. I tillegg bidrog Shantykoret med flott song. Ifølgje referatet syntest dei rundt 70 frammøtte veldig vel om denne nye varianten av friluftsgudstenesta, som var både høgtideleg og stemningsfull, med sol, vårsprett, nyplanta blomar, kombinert med massevis av norske flagg. Etterpå var det kyrkjekaffi.

Sara-Louise (32) er ny sjef: – Eg elskar dette

🏷️ Extracted Entities (11)

Maríel Emilía Tryggvadóttir Gjerde (person) Gullhaug (entity) Fatland (place) Arne Gjerde (person) Fatlandskogen (entity) Halsnøy (place) Kristi (entity) Kvinnherad (entity) Shantykoret (entity) Torvald Gjerde (person) Øyvind Heggland (person)