Herold

Får 30 millionar til startlån: – Håpet er at vi skal få folk i hus 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-05-20 12:28:40
Får 30 millionar til startlån: – Håpet er at vi skal få folk i hus 

Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong.

Det skriv kommunen sjølv på nettstaden sin onsdag.

– Det er veldig gledeleg at me har fått søknaden støtta. Me har prøvd på dette tidlegare utan å lukkast, men no er pengane tilgjengelege. Det er eit viktig og godt insentiv for å syta for gode rammevilkår for kvinnheringane som ønsker seg ein bustad, seier ordførar Vegard Bjørnevik om startlånet til førstegongsetablerarar.

Det er Husbanken som har starta ei forsøksordning med startlån retta mot førstegongsetablerarar. Målet med ordninga er å gjera det enklare for personar som har langvarige utfordringar med å få bustadlån i banken til å koma seg inn på bustadmarknaden.

Kvinnherad har søkt og fått 30 millionar kroner.

«Den store skilnaden frå ordinær finansiering gjennom bankar ligg i eigenkapitalkravet. I staden for ti prosent eigenkapital, treng du berre fem prosent for å kunna få lån via denne ordninga», skriv kommunen.

Ordninga er for unge førstegongsetablerarar som ikkje har kome gjennom det tradisjonelle lånesystemet.

– Håpet er at me skal få folk i hus. Det å eiga sitt eige hus er positivt for alle. Dette er ein stor sum, og me håpar me kan bidra til at endå fleire kvinnheringar kan få eiga sin eigen bustad, og få tilrettelagt det til sine behov, seier Bjørnevik.

🏷️ Extracted Entities (2)

Vegard Bjørnevik (person) Husbanken (entity)