Herold

Fekk hjelp av lokalt firma: – Fantastisk

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Erlend Handeland Tuastad Published: 2026-05-21 06:00:00
Fekk hjelp av lokalt firma: – Fantastisk

Petol AS stilte med gratis lift då Husnes utvikling skulle ta ned banner langs Onarheimsvegen.

I fleire år har det hange vimplar, eller banner, langs Onarheimsvegen. Men vêr og vind har over tid slite dei ut, og difor har Husnes utvikling no teke dei ned.

Folk har engasjert seg kring vimplane, seier Sigmund Askeland til Kvinnheringen.

– Nokre plassar er meir utsette for vêr og vind enn andre plassar, og vi har fått ein del klagar. Dei er ikkje så kjekke å sjå på når dei er så skadde. Difor bestemte vi oss for å ta dei ned.

Strekninga gjeld i brekka frå Onarheim og ned til Samspel. Det var Askeland som stod for arbeidet saman med Joakim Barstad Espevik. Askeland stod i liften, medan Barstad gjorde sikringsarbeid på bakken. Liften fekk dei låna av Petol.

– Dei er medsponsorar i Husnes Utvikling og har valt å gje oss den tenesta gratis. Både leige av lift, levering og henting. Det er fantastisk, seier Askeland.

Avslutningsvis understrekar han at organisasjonen treng engasjement og støtte frå bedrifter og nye medlemmar til å jobba for Husnes.

🏷️ Extracted Entities (8)

Husnes Utvikling (person) Sigmund Askeland (person) Onarheimsvegen (entity) Petol AS (organization) Barstad (place) Joakim Barstad Espevik (person) Onarheim (place) Samspel (entity)