LHL Odda fyller 80 år: Meiningsfullt arbeid som må leve vidare
Plus
No står laget framfor eit generasjonsskifte og håpar fleire vil vere med å føre arbeidet vidare.
I år markerer LHL (Landsforeningen for hjerte, lunge og hjerneslag) Odda eit stort jubileum – laget fyller 80 år. Gjennom åtte tiår har lokallaget vore ein viktig møteplass for menneske med hjarte- og lungesjukdom, hjerneslag og afasi, og for pårørande og andre som ønskjer fellesskap, aktivitetar og støtte i kvardagen.
Samtidig står både Ullensvang og resten av landet framfor store helseutfordringar i åra som kjem. Fleire eldre, press på helse- og omsorgstenestene og behov for betre beredskap gjer frivillige organisasjonar og lokale møteplassar viktigare enn nokon gong. Nyleg peika også Riksrevisjonen på at kommunane må få sterkare helse- og omsorgstenester for å møte den kraftige veksten i talet på eldre dei neste åra.
I Ullensvang har beredskap og helse vore aktuelle tema den siste tida, mellom anna gjennom etableringa av kommunen sitt nye beredskapsråd og arbeidet med helse- og sosial beredskap.
LHL er ein av Noregs største frivillige helseorganisasjonar, med lokallag over heile landet som kvar veke skaper møteplassar, trimtilbod, kurs og sosiale aktivitetar for tusenvis av menneske. I Odda har laget gjennom generasjonar vore med på å byggje fellesskap og tryggleik i lokalsamfunnet.
No står laget framfor eit generasjonsskifte og håpar fleire vil vere med å føre arbeidet vidare.
– Dette er meiningsfullt og viktig arbeid som betyr mykje for mange menneske. I LHL er det eit sterkt fellesskap og stort engasjement, men no er det på tide for meg å gi stafettpinnen vidare, seier avtroppande leiar Gro Langva.
LHL Odda ønskjer no nye krefter inn i styret og i det frivillige arbeidet, slik at laget kan skape tilbod og med det bli ein viktig møteplass også i framtida.
Onsdag 28. mai inviterer LHL Odda til ope møte på Odda Frivilligsentral med tema beredskap og branntiltak, i tillegg til informasjon om LHL og arbeidet i lokallaget. Møtet blir også ei god anledning til å bli kjend med laget og høyre meir om korleis ein kan delta og bidra vidare.