Herold

Vi skal ikkje vere redde, men førebudde

Kilde: GD Author: Aud Hove, gruppeleiar Senterpartiet Innlandet Published: 2026-05-21 06:24:30
Vi skal ikkje vere redde, men førebudde

Den 11.–13. mai 2026 deltok eg på ei konferanse arrangert av BSSSC og EUSBSR i Tallinn der det gjennomgåande temaet var motstandskraft og beredskap. Dette er organisasjonar i Østersjøregionen som gjennom politisk samarbeid og påverknad vil sette dagsorden opp mot nasjonale myndigheiter og EU.

På konferansen deltok ordførarar, regionale og nasjonale leiarar, beslutningstakarar, ungdommar og interessentar frå heile Østersjøregionen, som er Norge, Sverige, Finland, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tyskland og Danmark. Tidlegare var også Russland med.

«Vi er ikkje redde, men førebudde», vart det sagt av fleire frå dei baltiske landa. Det ligg eit alvor over landa som grenser til Russland og ei erfaring som er framand for oss i Norge med tanke på historia til desse landa. Det var interessante innlegg og panelsamtalar om korleis kommunar og regionar kan styrke tryggleiken vår, motstandskrafta og konkurranseevna i tider med aukande geopolitisk usikkerheit. For våre grannar og vener i aust er det eit stort alvor og ei omfattande mobilisering for å sikre nasjonal tryggleik og motstandskraft hjå innbyggarane for å møte framtida på ein trygg og sikker måte.

Sjølv deltok eg i ei panelsamtale saman med representantar frå Ukraina, Polen, Tyskland og ungdomsrepresentantar. Vi snakka om praktiske tiltak for å møte utfordringar i framtida med tanke på det å bygge tryggleik, motstandskraft og konkurranseevne. Eg la vekt på i mitt innlegg at staten er heilt avhengig av kommunar og regionar for å sikre ein totalberedskap som kan møte kriser og krig. Vi må ha ei felles forståing for dette mellom dei ulike nivåa i forvaltninga, både nasjonalt og internasjonalt.

Det er dei lokale politikarane som må sikre forankring og forståing for tiltak og den omstillinga som trengs. Ordførarane, dei lokale politikarane og lokalsamfunna har i sum ein meir pragmatisk inngang og større fokus på samarbeid og er meir effektive enn staten når det kjem til å takle globale problem fordi dei er tett på lokale løysingar der folk bur. Sterke lokalsamfunn med stor tillit til styre og stell bygger både band og bruer for god samhandling og utvikling.

Motstandskraft var det gjennomgåande temaet og det handlar om folk. Det handlar om å bygge tillit og felles forståing for kva som skal til for å sikre gode tenester i fredstid og livs nødvendige tiltak i kriser og krig. Det sivile samfunnet må fungere i alle delar av landet og desentraliserte tenester og busetting er avgjerande om krisa kjem. Det å investere i gode, lokale leiarar og lokalsamfunn for å sikre sterkast mogleg sivil sjølvberging er det som kan redde ein heil nasjon om krisa slår til eller det blir krig. Dei som tek beslutningar må ha både kunnskap og kjennskap til sine område for å finne dei beste løysingane når handling må til. Det gjeld på alle forvaltningsnivå, men spesielt i kommunane.

I mai feirar vi både frigjeringsdagen, 8. mai, og grunnlovsdagen, 17. mai. Desse to dagane må vi feire med respekt for alle dei som kjempa for Norge under 2. verdskrig og for å styrke og dyrke det demokratiske systemet vi har og som eit sjølvstendig land med eiga grunnlov.

Vi har eit felles ansvar, saman med våre nordiske og baltiske vener i å sikre våre framtidige generasjonar det same som vi som lever i dag tek for gitt. Vi skal ikkje vere redde, men vi må vere førebudde. Dette varveldig tydeleg desse dagane i Tallinn. Da må vi bygge tillit og styrke motstandskrafta i folket for å sikre god beredskap.

🏷️ Extracted Entities (16)

Norge (entity) Polen (entity) Russland (place) Tallinn (place) Tyskland (place) Østersjøregionen (entity) BSSSC (entity) Danmark (place) EU (entity) EUSBSR (entity) Estland (place) Finland (place) Latvia (entity) Litauen (entity) Sverige (entity) Ukraina (entity)