Framleis nedgang i folketalet i Kinn
Plus
I lÞpet av fÞrste kvartal flytta 134 personar frÄ Kinn kommune.
Nye tal frÄ Statistisk sentralbyrÄ viser at folketalet i Kinn gjekk ned med 32 personar i fÞrste kvartal 2026. Ved utgangen av kvartalet var det 17.324 innbyggarar i kommunen, melder Kinn.kommune.no.
SjÞlv om Kinn hadde eit positivt fÞdselsoverskot med 38 fÞdde og 27 dÞde, er netto innanlandsk flytting framleis negativ. I lÞpet av fÞrste kvartal flytta 134 personar frÄ Kinn til ein annan kommune i Noreg, medan 74 flytta*til* kommunen. Det gir ein netto innanlandsk utflytting pÄ 60 personar.
Innvandringa til Kinn er ogsÄ lÄg samanlikna med dei siste Ära, og ligg no pÄ nivÄ med 2020 og 2021. I fÞrste kvartal var det 36 personar som innvandra til kommunen.
Tala viser at utflytting framleis er den stÞrste Ärsaka til nedgangen i folketalet i Kinn.
I 2022 - 2024 var det Ärleg vekst i folketalet, men i 2025 gjekk folketalet ned med 63 personar. Og fÞrste kvartal i Är gjekk det altsÄ ned med ytterlegare 32 personar.