Herold

No må vi få bygd denne fotballhallen!

Plus
Kilde: Firda Author: Kai Aage Pedersen Published: 2026-05-20 18:21:59
No må vi få bygd denne fotballhallen!

– Kanskje er dette starten på det som kan bli toppfotball i Førde, skriv Firda-redaktøren.

Eg hadde frykta at ein storhall i Førde skulle bli Sunnfjord kommune sin Stad Skipstunnel. Prosjektet alle snakka om i fleire tiår, og som kanskje aldri nokon gong blir realisert. Den rause tildelinga frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir håp om det motsette.

Ein av landets største fotballklubbar i tal medlemmer kan dermed augne håp om å få dei treningsforholda dei fortener. Gåva til hallen er på 45 millionar kroner i tillegg til 8 millionar kroner som skal brukast til oppgradering av den fallerte kunstgrasbana ved Førdehuset.

I sum betyr dette at innbyggarar i alle aldrar kan utvikle seg i idretten sin, med forsvarlege forhold – også når det er snø og is.

Stor smell i sikringsskapet: No er det 17 slike humpar på bana

Alt tyder på at det har vore jobba godti kulissane for å komme i mål med ei finansiering av denne hallen. Sparebankstiftinga kastar ikkje pengar etter luftslott. Dette skjer berre nokre månader etter at dei som jobbar med arealplanlegging i kommunen kasta korta, men vart sett på plass att av eit politisk fleirtal kort tid etter.

Kan ikkje Førde klare seg utan ein slik hall?

Kanskje. Men Sunnfjord kommune har teke mål av seg til å tilby dei beste rammene for barn og unge, med fokus på livsmeistring, folkehelse og inkluderande lokalsamfunn. Fotballen engasjerer svært mange og kan sikkert engasjere endå fleire.

Får 53 millionar i pengegåve

Frå før av har vi landets beste skular, ein knallsterk kulturskule, den beste volleyballarenaen i landet (med dei beste volleyballaga), Førdehuset som fyller 50 år, Nynorskhuset og Førdefestivalen.

Og i Førde, med betydeleg innsats frå lag og organisasjonar inkl. Førde idrettslag, har ein nettopp arrangert VM i vektløfting som kanskje det beste VM nokosinne.

Her er dette berre å mate på med hallen i Bygstad og på Skei! Langeland Skisenter, alpinanlegg i Bjørkelia og Blomlia, golfbana og mykje anna (har heilt sikkert gløymt noko som skulle vore nemnt).

Sunnfjord kommune er rett og slett ein god stad å vekse opp. Kommunen kan tilby ein stor butikk med fritidstilbod, og trass i fleire rundar med massive kutt i kommunebudsjettet ser det ut til at politikarane har klart å skjerme det som er sjølve grunnmuren i ein berekraftig kommune.

Difor er det svært bra å sjå at det også er mogleg å utvikle nye tilbod. Den lenge omsnakka hallen har med tildelinga frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane flytta seg frå skrivebordet til eit realiserbart prosjekt.

– Det er jo ei overveldande gåve

Fleire aktørar har lagt pengarog arbeid i potten – og dette er nøkkelen til suksess. Vestland fylke, Tippemidlar, Sparebanken Norge – og no til slutt Sparebankstiftinga som toppar det heile med ei kjempetildeling – gjer at kommunen kan få ei høgst overkommeleg oppgåve når kommunestyret får denne saka på bordet.

Hallen må sjølvsagt ligge i Hafstadparken. Arbeidet med å endre reguleringsplanen er allereie i gang, eit slikt byggverk vil ruve uansett kvar den blir plassert, men i eit allereie etablert miljø for idretten vil hallen passe naturleg inn.

Førde kultur- og idrettspark er arbeidstittelen frå 2023, dette er eit godt namn når ein løftar blikket forbi Jølstra og inkluderer Førdehuset. Med den planlagde brua over Jølstra vil samhandlinga mellom kultur og idrett gå som smurt.

Men det står framleis nokre krevjanderundar att før ballen er over målstreken i den langvarige kampen for ein innandørs fotballhall i Førde. Mest spenning knyter det seg til kor mykje hallen vil koste når den er ferdig prosjektert og entreprenørane har gitt sine tilbod på bygging.

Kanskje trengst det endå meir pengar?

No har eg uansett trua på at dette kan gå vegen. Kanskje kan dette også vere første steget mot toppfotball i Førde!

Det hadde vore heilt perfekt!

🏷️ Extracted Entities (16)

Førde (entity) Førdehuset (entity) Sparebankstiftinga Sogn (organization) Fjordane (entity) Jølstra (entity) Sunnfjord (place) Bjørkelia (entity) Blomlia (entity) Bygstad (place) Førdefestivalen (entity) Langeland Skisenter (person) Nynorskhuset (entity) Skei (entity) Sparebanken Norge (person) Stad Skipstunnel (person) Tippemidlar (entity)