Herold

Smelta tilbake 40 meter i år

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Gro Heidi Åsen Published: 2025-12-07 14:41:38
Smelta tilbake 40 meter i år

Nye bremålingar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser at breane i Hordaland opplevde markant tilbakegang også i 2025.

(Hardanger Folkeblad:) I Hordaland har åtte målte brefrontar smelta i snitt 20 meter tilbake i år. Buerbreen på austsida av Folgefonna hadde størst tilbakegang i Hordaland.

– Buerbreen smelta 40 meter tilbake i år, og totalt 236 meter dei siste ti åra. heiter det i ei pressemelding frå NVE.

40 meter er litt meir enn i fjor, då målingane viste at den smelta tilbake 33 meter.

Sidan år 2000 har denne brefronten smelta tilbake 513 meter.

På vestsida av Hardangerjøkulen syner målingane at Rembesdalskåka fekk eit lite underskot i år. Snømengda om vinteren var litt mindre enn sommarsmeltinga.

– Sidan år 2000 har Rembesdalskåka blitt 16 meter tynnare, og fronten har trekt seg tilbake 496 meter i løpet av dei siste 25 åra, skriv NVE.

Glasiolog Hallgeir Elvehøy i NVE understrekar at dette er ein del av ein langsiktig trend:

– Etter år 2000 har breane fått for lite snø om vinteren til å kompensera for at bresmeltinga aukar. Vi ser at sjølv svært snørike vintrar gir berre eit lite overskot, seier Elvehøy.

Nå har isbreene fått sin egen internasjonale dag

Fryktar Buerbreen kan vere borte om 10 år. Slik vil Marek påverke folks val