Magnus (23) som bur på Vaksdal er den yngste nordmannen som har kome til toppen av Everest
Plus
– Eg er så sinnssjukt glad på han sine vegner!
BA: Det seier Magnus Rørbakken si mor, Marit Rørbakken (43), til BA tidleg onsdag morgon.
Det er berre ein time sidan ho fekk meldinga ho og familien har venta på i mange veker: Magnus har nådd toppen av Mount Everest.
Magnus Rørbakken bur i Flordalen på Vaksdal, men er opphavleg frå Garnes.
Heime på Garnes utløyste det ei enorm lette, bøttevis med tårer og ei stor stoltheit over det 23-åringen har fått til.
– Eg er så glad for at denne delen no er over. Eg har ikkje hatt kontakt med Magnus sjølv, men fekk melding frå ein i reiseselskapet hans som sa at dei var på toppen 05.55, norsk tid, seier Marit Rørbakken letta.
Det var BT som fyrst melde nyhendet om Rørbakken si bragd onsdag.
Smartembed for https://www.instagram.com/p/DYi9pzzsFmE/?utm_source=ig_web_copy_link&igsh=MzRlODBiNWFlZA==
Ingen søvn
Det har ikkje vore søvn på 43-åringen i det heile tatt i natt. Ho fekk vita at dei skulle i gang med toppstøtet, altså dei siste par hundre meterane til toppen, like før dei gjekk av garde tysdag kveld.
Sidan då har ho berre venta, vore redd, bekymra og engsteleg. I tillegg til glad og stolt.
Det er rett og slett mange ulike følelsar som skal kontrollerast i løpet av ei sånn nervepirrande natt kor alt ho kan gjera er å venta.
– Eg har sjekka telefonen, forsøkt å oppdatera klokkeappen hans som viser kor han er, eg har chatta med familien og berre vore heilt utruleg spent. Ein føler seg heilt hjelpelaus, og eg har vore livredd, seier ho ærleg.
Ho fortel at ho har kjent på den harde jobben sonen hennar legg ned.
Å bestige Mount Everest
– Eg veit at det er beintøft. Eg veit at ikkje alle tolar det, og derfor går ein rundt med ein enorm frykt for at noko skal skje. Eg gler meg verkeleg til alt dette er over, seier ho til BA.
Var ein engsteleg gut
BT har tidlegare fortalt Magnus Rørbakken si historie. Han var ein litt engsteleg ung mann som ikkje heilt fann sin plass før han kom seg ut i naturen. Dei siste åra har han klatra fire toppar i Himalaya, og han har gått over 1500 kilometer på ski over Nordvestpassasjen i Canada.
– Det er mange som kjenner Magnus som den litt redde vesle guten han var. No heier dei på han, fylgjer utviklinga hans og ser kva ein kan få til viss ein berre bestemmer seg. Han gir stor inspirasjon til andre, seier mamma Marit stolt.
- april sette 23-åringen frå Garnes seg på flyet sørover.
Flyet gjekk til Katmandu, men målet for turen var altså toppen av verdas høgste fjell, Mount Everest på 8.848,86 meter.
Fjellet ligg i fjellkjeda Himalaya på grensa mellom Nepal og Tibet.
Rørbakken har vore dei siste vekene i Himalaya for å akklimatisera seg.
- april rapporterte han frå Camp 1: «Icefall doktorene» har i flere uker prøvd å lage en trygg rute gjennom Khumbu icefall, et brefall som dekker ruten mellom basecamp og camp 1 på Everest. Til nå har det ikke vært suksess med å komme seg gjennom pga. en stor ustabil isblokk har sperret veien. Sånn er fjellet, det bestemmer.»
Natt til 4. mai starta 23-åringen på sin fyrste rotasjonsrunde, saman med sherpaen han går med, Pasang.
På ei satellittmelding heim til mamma Marit, skreiv han at dei hadde klart å passera det berykta Khumbu-isfallet og hadde kome trygt opp til Camp 1 på 6100. Elles meldte han om strålande sol og fantastisk utsikt.
Noregs yngste
Dei neste vekene gjekk med til akklimatisering, førebuingar og venting på at vêrvindauga skulle gi dei moglegheita til å komma opp på 8849 meter.
– Alt eg veit er at det har vore mykje folk på veg mot toppen i natt. Dei har gått i kø, og måtta gå ganske sakte. No må dei berre komma seg trygt ned igjen. Eg klarar ikkje slappa av før dei har nådd Basecamp, forhåpentlegvis i morgon, seier Marit Rørbakken.
For sjølv om sonen har nådd toppen, så veit ho at det framleis er svært farleg i fjellet.
– Det farlege isfallet er på veg ned etter Camp 2, så dette er absolutt ikkje over. Men eg må stålsetja meg for ikkje å tenkja så mykje på det, seier Rørbakken.
Ho burde sikkert sovna, men trur ikkje det er mogleg endå. Seinare i dag skal ho på jobb på eit treningssenter.
– Då skal eg få blåst ut med nokre skikkelege gruppetimar, seier hun.
PS: Det er om lag 70 nordmenn som har klatra Everest. Før Rørbakken kom opp i dag, var det Ole Hovstad som var den yngste, også han 23 år. No har Rørbakken tatt over den rekorden.
29. september 2025 klatra Rørbakken Manaslu, 8163 mon, verdas åttande høgaste fjell.
Smartembed for https://www.instagram.com/p/DPBeuJ5kiyy/?utm_source=ig_web_copy_link&igsh=MzRlODBiNWFlZA==