Herold

La oss ha nokre vener!

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Oddvar Flæte Published: 2025-12-07 13:33:18
La oss ha nokre vener!

Administrasjon og politikarar i Sogndal har gitt oss alle eit dårleg omdøme.

No er ein i ferd med å plastre det, men det er eit langvarig arbeid. Midt opp i dette, legg vi oss på tvers i regionsamarbeidet om felles administrative tenester.

Luster skal leie kart og oppmåling, Vik skal styre skogsdelen medan Sogndal får ansvaret for barnevern og Årdal har kompetanse til å styre NAV. Innstillinga er samrøystes frå kommunedirektørane.

Men NAV må leiast ifrå Sogndal, seier formannskapet i Sogndal. Å følgje innstillinga om at Årdal skal gjere det, set arbeidsplassane våre i fare. Vi har ikkje tid til å hente inn fråsegner og utgreiingar.

Jau, vi har det. Vi kan nytte tid til å få fram NAV sine tankar og forsikringar. Viss ein etter dette finn at utviklingsmiljøet i Leikanger verkeleg blir skadelidande, vil det gje eit grunnlag for ei endeleg vurdering.

Sogndal treng samarbeid med nabokommunane. Vi er ein del av regionen Sogn. Vi treng vener.