Gjev seg som prest i Vaksdal
Plus
Fredrik Hope (34) starta som sokneprest i Vaksdal i 2025. No gjev han seg.
– Eg har hatt ei veldig fin tid i Vaksdal, og det har vore kjekt å møta alle dei menneska eg har møtt der, seier Fredrik Hope til Hordaland.
Hope bur i Arna med kone og to born.
Han starta prestetenesta i Vaksdal på nyåret i fjor.
Det er såleis ei svært kort tid han har vore her.
Gjev seg grunna helseutfordringar
Han presiserer at det ikkje er spesielle forhold i Vaksdal som gjer at han går av.
– Absolutt ikkje. Eg har hatt det heilt topp i Vaksdal, den korte tida eg har vore der. Grunnen til at eg gjev meg no er av helsemessige og familiære årsaker, seier Hope.
– Kan du seia noko meir om kva dette inneber?
– Eg vel å halda det privat, men det har med mi eiga helse å gjera.
Hope har hatt Stamnes og Eidsland sokn, i tillegg til Vaksdal sokn som tenestestad.
Han vert løyst frå stillinga 1. juni.
Håpar ny tilsetjing i juni
Stillinga til Hope er no lyst ut, med søknadsfrist 24. mai.
Sokneprest i Vaksdal, Frode Kvamsøe, seier at det er eit tap for kommunen å mista Hope.
– Fredrik var kome godt i gang som prest i Vaksdal, og det er eit tap for oss at han no gjev seg. Men livet går ikkje alltid slik me planlegg, og slik vart det altså denne gongen, seier Kvamsøe.
Han håpar på tilsetjing av ny prest 18. juni.
– Vona er at det kjem nok søknadar til at det kan bli tilsetjing før sommarferien. Me takkar Fredrik for tida han har hatt som sokneprest i Vaksdal, seier Kvamsøe.
Han presiserer at Hope framleis vil vera tilsett i Bjørgvin bispedøme, men ha andre oppgåver.
– Takksam for tida her
Hope vil takka for tida han har hatt i Vaksdal.
– Det har vore ei glede. Eg er svært takksam for alt eg har fått oppleva i kommunen, seier han.
Hope tok i fjor over for sokneprest Edvard Bø, som tenestegjorde i Vaksdal i 24 år.
Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no