Herold

Magnus (23) er den yngste nordmannen som har kome til toppen av Everest

Plus
Kilde: Hordaland Author: Bente-Line Svellingen Published: 2026-05-20 09:59:29
Magnus (23) er den yngste nordmannen som har kome til toppen av Everest

– Eg er sĂ„ sinnssjukt glad pĂ„ han sine vegner!

BA: Det seier Magnus RĂžrbakken si mor, Marit RĂžrbakken (43), til BA tidleg onsdag morgon.

Det er berre ein time sidan ho fekk meldinga ho og familien har venta pÄ i mange veker: Magnus har nÄdd toppen av Mount Everest.

Han er tidlegare villmarks-elev ved Voss vidaregÄande skule.

Heime pÄ Garnes utlÞyste det ei enorm lette, bÞttevis med tÄrer og ei stor stoltheit over det 23-Äringen har fÄtt til.

– Eg er sĂ„ glad for at denne delen no er over. Eg har ikkje hatt kontakt med Magnus sjĂžlv, men fekk melding frĂ„ ein i reiseselskapet hans som sa at dei var pĂ„ toppen 05.55, norsk tid, seier Marit RĂžrbakken letta.

Det var BT som fyrst melde nyhendet om RĂžrbakken si bragd onsdag.

Smartembed for https://www.instagram.com/p/DYi9pzzsFmE/?utm_source=ig_web_copy_link&igsh=MzRlODBiNWFlZA==

Ingen sĂžvn

Det har ikkje vore sÞvn pÄ 43-Äringen i det heile tatt i natt. Ho fekk vita at dei skulle i gang med toppstÞtet, altsÄ dei siste par hundre meterane til toppen, like fÞr dei gjekk av garde tysdag kveld.

Sidan dÄ har ho berre venta, vore redd, bekymra og engsteleg. I tillegg til glad og stolt.

Det er rett og slett mange ulike fÞlelsar som skal kontrollerast i lÞpet av ei sÄnn nervepirrande natt kor alt ho kan gjera er Ä venta.

– Eg har sjekka telefonen, forsĂžkt Ă„ oppdatera klokkeappen hans som viser kor han er, eg har chatta med familien og berre vore heilt utruleg spent. Ein fĂžler seg heilt hjelpelaus, og eg har vore livredd, seier ho ĂŠrleg.

Ho fortel at ho har kjent pÄ den harde jobben sonen hennar legg ned.

Å bestige Mount Everest

– Eg veit at det er beintĂžft. Eg veit at ikkje alle tolar det, og derfor gĂ„r ein rundt med ein enorm frykt for at noko skal skje. Eg gler meg verkeleg til alt dette er over, seier ho til BA.

Var ein engsteleg gut

BT har tidlegare fortalt Magnus RÞrbakken si historie. Han var ein litt engsteleg ung mann som ikkje heilt fann sin plass fÞr han kom seg ut i naturen. Dei siste Ära har han klatra fire toppar i Himalaya, og han har gÄtt over 1500 kilometer pÄ ski over Nordvestpassasjen i Canada.

– Det er mange som kjenner Magnus som den litt redde vesle guten han var. No heier dei pĂ„ han, fylgjer utviklinga hans og ser kva ein kan fĂ„ til viss ein berre bestemmer seg. Han gir stor inspirasjon til andre, seier mamma Marit stolt.

  1. april sette 23-Äringen frÄ Garnes seg pÄ flyet sÞrover.

Flyet gjekk til Katmandu, men mÄlet for turen var altsÄ toppen av verdas hÞgste fjell, Mount Everest pÄ 8.848,86 meter.

Fjellet ligg i fjellkjeda Himalaya pÄ grensa mellom Nepal og Tibet.

RĂžrbakken har vore dei siste vekene i Himalaya for Ă„ akklimatisera seg.

  1. april rapporterte han frÄ Camp 1: «Icefall doktorene» har i flere uker prÞvd Ä lage en trygg rute gjennom Khumbu icefall, et brefall som dekker ruten mellom basecamp og camp 1 pÄ Everest. Til nÄ har det ikke vÊrt suksess med Ä komme seg gjennom pga. en stor ustabil isblokk har sperret veien. SÄnn er fjellet, det bestemmer.»

Natt til 4. mai starta 23-Äringen pÄ sin fyrste rotasjonsrunde, saman med sherpaen han gÄr med, Pasang.

PÄ ei satellittmelding heim til mamma Marit, skreiv han at dei hadde klart Ä passera det berykta Khumbu-isfallet og hadde kome trygt opp til Camp 1 pÄ 6100. Elles meldte han om strÄlande sol og fantastisk utsikt.

Noregs yngste

Dei neste vekene gjekk med til akklimatisering, fĂžrebuingar og venting pĂ„ at vĂȘrvindauga skulle gi dei moglegheita til Ă„ komma opp pĂ„ 8849 meter.

– Alt eg veit er at det har vore mykje folk pĂ„ veg mot toppen i natt. Dei har gĂ„tt i kĂž, og mĂ„tta gĂ„ ganske sakte. No mĂ„ dei berre komma seg trygt ned igjen. Eg klarar ikkje slappa av fĂžr dei har nĂ„dd Basecamp, forhĂ„pentlegvis i morgon, seier Marit RĂžrbakken.

For sjÞlv om sonen har nÄdd toppen, sÄ veit ho at det framleis er svÊrt farleg i fjellet.

– Det farlege isfallet er pĂ„ veg ned etter Camp 2, sĂ„ dette er absolutt ikkje over. Men eg mĂ„ stĂ„lsetja meg for ikkje Ă„ tenkja sĂ„ mykje pĂ„ det, seier RĂžrbakken.

Ho burde sikkert sovna, men trur ikkje det er mogleg endÄ. Seinare i dag skal ho pÄ jobb pÄ eit treningssenter.

– DĂ„ skal eg fĂ„ blĂ„st ut med nokre skikkelege gruppetimar, seier hun.

PS: Det er om lag 70 nordmenn som har klatra Everest. FÞr RÞrbakken kom opp i dag, var det Ole Hovstad som var den yngste, ogsÄ han 23 Är. No har RÞrbakken tatt over den rekorden.

29. september 2025 klatra RÞrbakken Manaslu, 8163 mon, verdas Ättande hÞgaste fjell.

Smartembed for https://www.instagram.com/p/DPBeuJ5kiyy/?utm_source=ig_web_copy_link&igsh=MzRlODBiNWFlZA==

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Magnus (23) er den yngste nordmannen som har besteget Everest
BA · 2026-05-20 07:20:24 +
Mount Everest Magnus RĂžrbakken Marit RĂžrbakken BT Camp Himalaya Garnes Khumbu Basecamp Canada Icefall doktorene Katmandu Nepal Nordvestpassasjen Ole Hovstad Pasang RĂžrbakken Manaslu Tibet

đŸ·ïž Extracted Entities (20)

Mount Everest (person) Marit RĂžrbakken (person) RĂžrbakken Manaslu (person) Magnus RĂžrbakken (person) BA (entity) BT (entity) Camp (entity) Himalaya (entity) Garnes (place) Khumbu (entity) Basecamp (entity) Canada (entity) Icefall doktorene (entity) Katmandu (entity) Nepal (entity) Nordvestpassasjen (entity) Ole Hovstad (person) Pasang (entity) Tibet (entity) Voss (entity)