Minneord om Anders Brunborg
Plus
MÄtte flytta frÄ heimegarden, men Anders gjorde Brunborg til heimegard att.
Anders Brunborg, fÞdd 1944, dÞydde no 13 mai etter eit liv heime, sÄ ute i Halden, sÄ bÄde ute og heime, og endeleg heime pÄ Brunborg. Men han dÞydde ute i Halden, der han hadde heim utanom heimen pÄ Brunborg.
Det vart ein vanskeleg oppvekst pÄ Brunborg for han, mor og to sysken, dÄ faren omkom ved ei ulukke pÄ togbanen i 1953. Saman sleit dei der, men i 1955 bar det austover til Halden der Anders fekk oppvekst og arbeid.
Anders hadde nok heimegarden i blodet. Som gut var han ofte heim i skuleferiane. Han var mykje grindagut i oppstarten, bÄde for Sjur Narheim og onkelen Berge Brunborg. Onkel Berge hadde «pÄfÞrt» han mykje kjeft ein gong pÄ barneskulen pÄ Mestad. Berge kom kÞyrande, og dÄ spratt Anders opp frÄ pulten og for til vindauga for Ä vinka til onkel. Det toldest ikkje av lÊraren, og det vart irettesetjing!
Men heimlengten var der. FrÄ 1965, altsÄ vel 20 Är gammal, var han pÄ Brunborg mellom 120 og 150 dagar i Äret i om lag 40 Är. Han reiste ein del med tog, og hadde tanter og onklar pÄ Voss og Evanger, som henta han om toga var i ulage i hÞve til ruta. Elles kÞyrde og sambuar Aud mykje og. Ho treivst godt pÄ Brunborg, men nekta Ä vera der frÄ seinhausten til utpÄ vÄren. Men Anders var der 365 dagar i Äret sÄ lenge helsa heldt til utpÄ 2020-talet. Han fekk dÄ jamvel ein episode i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.» Og eit par dagar i veka kom det eit par menneske til han, og sameleis ordna han seg med post og mat med togbanen.
Togbanen som gjorde at dei mÄtte flytta, vart no berginga for han og Brunborg. Det gjeld ikkje minst vedlikehaldet av garden. Dette var kring 1980, og sÄ fekk han med seg namnebroren og syskenbarn Anders Saue, og etter kvart kom fleire med med stor innsats.
Ein del hus var mest falleferdige, og valet stod mellom at dei datt saman eller vart vÞlte. Anders og dei han samarbeidde med, satsa pÄ vÞla, og fekk og med fylkeskommunen med fylkesantikvaren. Det enda med at dÄ dette var fullfÞrt, var Brunborg ikkje berre fint vedlikehalde, men og fint stelt. FÞr me nÄdde Ärstalet 2020, var Brunborg einaste garden i gamle VassvÞre med klyngetun med 11 hus der det budde folk. Og det var einaste Anders som var der. Han overtok og dei to andre bruka der.
Men alt tek ein ende. Helsa svikta etter kvart. Det, som var ein tur frÄ Teigdalsvegen til Brunborg pÄ kring 20 minutt, var lenger i tid. Det vart jamvel langt over timen siste gong han trakka bakkane. Det var tungt for Anders Ä flytta, men han kunne vera nÞgd med det som var gjort. I sjukdommen siste Ära letta tankane nÄr han visste at eine sonen vil overta.
Eg og mange med meg ynskjer at minnet og livet til Anders skal leva vidare!
FrÄ arkivet:
Anders er mellom dei siste av «taubanefolket». No vert livet hans pÄ fjellgarden Brunborg vist pÄ TV