Palmafossen bru blir stengd igjen: – Ynskjer ikkje å koma i konflikt med bilistar og gåande
Plus
Palmafossen bru, som tidlegare i vår vart akutt stengd på grunn av dårleg betong, må no stengja igjen.
Denne gongen vil brua verta heilt stengd for all trafikk frå torsdag klokka 18.00 til tysdag klokka 05.00.
– For å få arbeidet ferdigstilt så raskt som mogleg, blir brua heilt stengd slik at ein får høve til å jobba samanhengande, både natt og dag. Det skapar meir effektiv drift, forklarar Jorunn Hillestad Sekse, seksjonsleiar for vedlikehald av bru og kai i Vestland fylkeskommune.
Det var i april at Palmafossen bru vart akutt stengd etter at Vestland fylkeskommune under eit planlagt vedlikehaldsarbeid oppdaga omfattande skadar og dårleg betong. Den gong måtte betong fjernast, og ny betong støypast, noko som førte til at brua var stengd i nesten to døger.
– No skal det gjerast vedlikehald på brua. På grunn av den avgrensa plassen og faren for konfliktar, ynskjer me ikkje trafikk på området under arbeidet, opplyser Sekse.
Varsla om vidare arbeid
Då brua vart opna etter betongarbeidet tidlegare i vår, uttalte byggjeleiar Odd Atle Mjeldstad at fyrste del av arbeidet hadde gått etter planen, men at det ville bli meir arbeid under brua i vekene som kom. Han varsla også at dei fortløpande ville vurdera om brua eventuelt måtte stengjast igjen.
– Vedlikehaldsarbeidet på Palmafossen bru er omfattande og er forventa å vare fram til veke 23. Det skal mellom anna på plass ny asfalt og kantdragarar, i tillegg til vedlikehald av eksisterande rekkverk.
Det har også blitt nemnt fuktisolering og asfaltering som moglege årsaker til nattestengingar eller ljosregulering.
Omkøyring
Palmafossen bru har lenge hatt eit stort behov for vedlikehald. Alt i 2022 vart det presentert ei oversikt som viste at 28 bruer i Voss herad hadde omfattande behov for vedlikehald, og Palmafossen bru stod øvst på denne lista.
Den komande stenginga vil truleg påverka trafikkbiletet lokalt, og reisande vert oppmoda om å planleggja alternative ruter.
Erik stoppar trafikken: – Det er sjeldan me får kjeft
– Brua opnar som planlagt