Herold

Varslar kontrollar: – Fleire meldingar om råkøyring

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2026-05-20 08:05:09
Varslar kontrollar: – Fleire meldingar om råkøyring

Tysdag fekk Hardanger politistasjon fleire meldingar om råkøyring i Jondal. Unge sjåførar skal ha vorte observerte på ulike køyretøy, ein del av desse utan skilt.

– Me har fått fleire meldingar om farefull køyring, og har prøvd å patruljera. Det kjem vi til å halda fram med, inntil vi får tak i dei som driv med dette, opplyser politistasjonssjef Øystein Torsnes.

Målet med kontrollane er å hindra at nokon vert skadde i trafikken. Køyringa skal finna stad i Jondal sentrum og dels oppover mot Krossdalen.

Bråk

I 19-tida kom det også melding om ei mogeleg ruskøyring, og ein patrulje rykka ut for å finna sjåføren. Patruljen leita i Odda og omland, men fann ikkje bilen.

– I natt kom det også meldingar om bråk på ei adresse i Odda, som førte til uro nattetid. Politiet rykka ikkje ut, men operasjonssentralen tok kontakt og bad om ro, forklarar Torsnes.

Etter dette kom det ikkje meldingar om bråk frå denne adressa.

Ein person var sentral i fleire politimeldingar

🏷️ Extracted Entities (5)

Jondal (place) Odda (entity) Øystein Torsnes (person) Hardanger (entity) Krossdalen (entity)