Engasjerte Siri Martine skal trygge Drangedals unge
Plus
Drangedal har fÄtt ein ny SLT-koordinator, og det er ingen ringare enn Siri Martine Fjerdingstad (41). Med eit brennande engasjement for barn og unge, og solid erfaring frÄ skule og vaksenopplÊring, gler ho seg til Ä ta fatt pÄ den viktige oppgÄva med Ä samordne fÞrebyggjande arbeid i kommunen.
Siri Martine er eit kjent ansikt for mange i Drangedal. Ho bur pÄ BrÄtheia, er gift og mor til tre barn i alderen 6 til 15 Är. Til dagleg jobbar ho i vaksenopplÊringa og flyktningtenesta som programrÄdgjevar, men nÄ har ho altsÄ takka ja til ei ny og spanande rolle.
Ein etterspurd ressurs
â Det var eigentleg slik at eg blei spurt om eg ville ta rolla, fortel Siri Martine med eit smil.
Og det er kanskje ikkje sÄ rart, for ho beskriv seg sjÞlv som engasjert, imÞtekommande og sosial.
â Eg likar Ă„ jobbe med menneske, smiler ho.
Hjartet hennar bankar sÊrleg for ungdommen. Med bakgrunn som lÊrar, der ho har jobba bÄde i ungdomsskulen i Skien og Drangedal, har ho sett kor viktig fÞrebyggjande arbeid er.
â Ungdommen er jo framtida vĂ„r! Det er sĂ„ viktig med gode relasjonar og Ă„ skape nettverk og relasjonsbygging inn mot barn og unge. Eg tenkte at dette var ein fin kombinasjon med den rolla eg allereie har, der eg jobbar med vaksne. NĂ„ fĂ„r eg eit spekter, seier ho entusiastisk.
Kva er SLT?
SLT stÄr for «Samordning av lokale rus- og kriminalitetsfÞrebyggjande tiltak for barn og ungdom». Det er ein tretrinnsmodell utvikla av KriminalitetsfÞrebyggjande rÄd, og Siri Martines jobb blir Ä vere eit bindeledd mellom desse nivÄa.
â Eg skal koordinere arbeidet og fĂ„ dei forskjellige aktĂžrane til Ă„ snakke saman og samarbeide. Det er mange gode tiltak som allereie blir gjort rundt omkring i tenestene i kommunen, men ved Ă„ bli kjende med kvarandre pĂ„ tvers, og vite kva vi gjer pĂ„ dei ulike einingane, trur eg vi kan bli sterkare saman, forklarer ho.
Samarbeid er nykkelen
Siri Martine starta i den nye rolla si pÄ nyÄret, og er framleis i startgropa med Ä fÄ oversikt og bygge opp teamet. Eit viktig samarbeid blir med politikontakten i kommunen Marie Konmo Enger.
â Marie er ei viktig brikke. Ho har mykje god informasjon om kva som rĂžrer seg, og kva som er viktig Ă„ fokusere pĂ„. Eg er heilt avhengig av Ă„ ha ein god sparringpartner, seier ho.
Ho trur pÄ at betre samarbeid kan fÞre til at det Ä vera ung i Drangedal blir endÄ betre.
â Eg har tru pĂ„ samarbeid. Saman er me sterkare, og det blir god informasjon ut til alle â til ungdommen sjĂžlv, og til foreldre, smiler ho.
Eigne erfaringar kjem godt med
Med tre eigne barn i alderen 6 til 16 Är, har Siri Martine fyrstehands kjennskap til ungdomslivet og kva som rÞrer seg.
â Eg er jo midt i den tida sjĂžlv, sĂ„ det er lĂŠrerikt for meg som mamma ĂČg. Eg fĂ„r jobbe med dette bĂ„de pĂ„ jobb og heime!
Ho trekk fram ungdomsklubben som eit viktig mĂžtepunkt for ungdommen, og understrekar at det er mange som kan bidra inn mot ungdom â og ikkje minst, ungdommen sjĂžlv.
Siri Martine gler seg til Ä sjÄ kva arbeidet som SLT-koordinator kan fÄ til, og er klar for Ä bidra til eit trygt og godt oppvekstmiljÞ for alle barn og unge i Drangedal.