Havbruksfondet blir tømt – Kva no for kystkommunane?
Plus
Den siste rapporten frå trafikklysforskarane tilseier at Havbruksfondet no går inn i solnedgangen.
Berre tre område nasjonalt blir framstilte av ekspertgruppa som grøne, og får moglegheit for vekst. Resten får reduksjon eller blir sett på vent.
Dermed blir det mindre sal av vekst. Samstundes kjem spørsmålet: Kvifor skal vi i Nord, som har vekst, sende pengar sørover til kommunar og fylkeskommunar utan vekst?
Det gjekk ikkje meir enn 12 minutt etter at Regjeringa hadde publisert årets overføring frå Havbruksfondet til kommunar og fylkeskommunar, før den første tekstmeldinga tikka inn: «Kvifor får vi så lite frå Havbruksfondet i år?».
Spørsmålet var høgst relevant, og avdekte at mange kommunar og fylkeskommunar mangla kunnskap om dynamikken bak Havbruksfondet.
Fleire kommunar og fylkeskommunar har dei siste åra vendt seg til store overføringar frå Havbruksfondet. Midlar på sida av dei vanlege inntektene. Midlar kommunane har kunne rå over, sjølv om dei for enkelte har ført til at dei samla har fått for stor skatteinntekt og må «føre tilbake» til staten.
Det er bygd skular, kulturhus, fond er fylt opp, drift er sikra, med meir.
Fleire kommunar og fylkeskommunar har dei siste par åra lagt overføringar frå Havbruksfondet inn i budsjettet sitt.
Det har all sannsynleg vore ein tabbe, og det er dette som no rammar fleire langs kysten. Utbetalingane som var budsjetterte uteblei i 2025. Ein går rett og slett på ein smell. Utbetalingane vart for små. Men dette er berre ein forsmak på det som kjem!
Når forskarane i Trafikklyssystemet (TLS), ekspert- og styringsgruppa, no har levert sin rapport, så sit Regjeringa berre att med tre grøne område: eitt heilt i Sør nesten utan havbruksaktivitet og to heilt i Nord med avgrensa havbruksaktivitet.
Det er desse tre områda som no skal «bere» Havbruksfondet dei neste to åra. Då blir det skrint i fondets kasse.
Vi har via NRK fått med oss at enkelte kommunar i Nord, og eigentleg fleire stader langs kysten, står på eller er på veg inn på ROBEK-lista. Når veksten i havbruksnæringa, og påfyllet til Havbruksfondet i all hovudsak vil kome frå Finnmark (PO12 og 13), er det då naturleg å sende mesteparten av desse pengane sørover?
Det blir nok ein interessant debatt i tida framover. Men den er allereie reist blant både politikarar og tilsette i forvaltinga langs kysten.
Både Regjering og Storting har på mange måtar mura seg inn i eit hjørne. Då Havbruksmeldinga vart lagt fram våren 2025, gjekk eit nesten samla Storting inn for store endringar. Det gav på eitt vis Regjering og Storting «rommet tilbake».
Spørsmålet er no korleis dette rommet vil bli brukt. Alle sentrale politikarar veit at kommunar og fylkeskommunar i tida framover vil etterspørje midlar frå Havbruksfondet, og ikkje minst kvifor midlane no går kraftig ned.
Samstundes må dei all sannsynleg svare på spørsmål frå det politiske Nord om kvifor pengar lokalt skal flyttast sørover langs kysten.
Det sentrale spørsmålet blir korleis regjeringa vil handtere eit nedtappa Havbruksfond, både i det korte og mellomlange perspektivet. Havbruksfondet fyllast på frå to kjelder:
Ingen av dei to inntektskjeldene blir definerte som «skatt». Når inntektene frå sal av vekst meir eller mindre blir borte, vil næringa då sjå ein ytterlegare tapping av inntening gjennom ein auka produksjonsavgift?
Den må aukast vesentleg om ho skal erstatte bortfallet av inntening frå sal av vekst. Ei vesentleg auke i ei avgift, utan utsikt til auka inntekt, vil ytterlegare svekke havbruksnæringa langs kysten.
Det vil vere eit politisk val, og eit viktig signal om korleis framtida vil sjå ut.
Uavhengig av næring, så er norsk næringsliv avhengig av langsiktige rammevilkår. Med langsiktigheit reknast «æva sitt perspektiv» – meir enn 30 år. Havbruksnæringa lever på rammevilkår som no er nede i 5–10 års syklusar.
Frå Trafikklyssystemet vart innført tok det berre 10 år før politikarane på Stortinget såg at det måtte store endringar til i mellom anna kunnskapsgrunnlag og retning. Tilhøva som låg til grunn for vedtaket i Stortinget våren 2025 vart ignorerte då Stortinget gjorde vedtaket om trafikklyssystemet i 2015.
No skal det trekkjast opp nye rammevilkår. Spørsmålet er kva desse byggjer på, og for kor lenge?
Nokre skal betale rekninga av dei vedtaka som blir gjort, og den lommeboka byrjar å bli skranten for mange sin del!
Bortfallet av midlar frå Havbruksfondet kan leggje press på:
Havbruksfondet tømmast no. Grunnen ligg i eit feilslått rammeverk.
- Sal av vekst i grøne trafikklysområde, både laks og regnbogeaure.
Inntekt frå avgift på produksjon av laks og regnbogeaure.
Ei auke i lokale skattar og avgifter i kommunar/fylkeskommunar.
- Ei omfordeling av midlane i Havbruksfondet, der staten sin andel på 55 prosent av inntektene reduserast til fordel for kommunar og fylkeskommunar.