Om å sjå seg sjølv i kongens blikk
Plus
Eit av «venteromma» på Slottet i Oslo er fylt med bøker frå golv til tak. Men det er berre ein litterær sjanger der – norske bygdebøker. Der fekk eg auge på både bygdeboka for Bergsdalen og den frå Vaksdal.
Det er sjølvsagt ikkje på slump at det er slik kongen vil ta imot sine gjestar. Det ligg eit signal i dette. Ei markering av at sjølv om Slottet aldri så mykje er plassert midt i Oslo, så tilhøyrer det heile landet til. Slik kong Harald er så oppteken av at han er heile landet sin konge.
Han snakkar varmt om kor mykje det betyr «å møte folk der de hører hjemme»:«Å få reise rundt i landet å treffe mennesker der de bor er noe av de viktigste og fineste dronningen og jeg vet.» No er det Vaksdal kommune kongeparet er så heldige å få oppleva.
Det er på eit vis danningsreiser for konge og dronning, dette. Dei får stadig nye inntrykk av ulike samfunn i det langstrekte landet vårt. Og slik vert det forma eit heilskapsbilete som stadig endrar seg.
Som når Vaksdal endeleg vert fletta inn i den store nasjonale veven av kongelege reiser.
Det byrja som nygift kronprinspar med ei reise til Finnmark i 1969. «Dette må vi gjøre mer av», var konklusjonen då dei kom heim att til Skaugum. Det vart byrjinga på ei livslang reise for å læra land og folk å kjenna. Ikkje minst til mindre stadar og kommunar kongeparet elles ikkje ville fått oppleva.
«Når besøket er over og dagen er omme, er det følelsen av takknemlighet som sitter igjen hos dronningen og meg. På slike reiser oppleves vår gjerning ekstra verdifull», er kong Haralds eiga oppsummering av korleis dette vert opplevd.
Då han i 1991 vart konge, så låg det eit framlegg på bordet om å avvikla dei årvisse fylkesturane. Ikkje av di det var ynskjeleg, men av di staben på Slottet meinte tida til det ferske kongeparet ikkje strekte til for slikt. Då sette kong Harald og dronning Sonja foten ned. Og som kongen seinare har sagt: «Å slutte med fylkesturene er det siste vi skal gjøre.»
At han verkeleg meinte dette, ja, det provar vitjinga til Vaksdal når kongen går i sitt nittiande år.
Ei kongeleg vitjing er innhaldsmetta. Det er på sett og vis komprimert norsk røyndom. Kvar kommune har sitt særpreg. Og alle har jobba hardt med å finna fram til det kongeparet skal få oppleva nett hos dei. Det som skil seg ut.
Då er det viktig å hugsa at det først og sist er møta med heilt ulike menneske som gjev desse turane innhald.
«Jeg liker mennesker», er kong Harald klår på, og legg til: «Snakker jeg med folk, så snakker jeg til dem og ikke over hodet på dem, og de snakker til meg. Interessen for det vi møter er en del av jobben, men også en del av oss. Og møter med mennesker er det viktigste vi gjør.»
Det ligg ein løyndom i desse møta mellom konge og folk: Noko magisk, men samstundes så jordnært. For det er meir realisme enn magi. Og forklåringa kan vera at desse vitjingane ikkje byggjer på myten om kongen som stig ned til sine undersåttar. Snarare er det folk flest som skal syna kongen kva dei er opptekne av og stolte over. Det er eit heilt lokalsamfunn som skal visa seg fram og verta anerkjent av Hans Majestet. Og forstått av han.
Då kong Harald vitja øykommunen Leka heilt nord i Trøndelag, siterte han trubaduren Terje Nilsens ord om Mjelle utanfor Bodø: «Du må ha vært der førr å kunn forstå.»
Så la Norges konge til sju små ord. Ord som gjev meining til reisene i det landet som er hans eige: «Vi har vært her. Og vi forstår.»
Men eit kongebesøk er ikkje «berre»» å visa seg fram for landets fremste ektepar. Det er også å oppdaga seg sjølv. Finna fram til det unike i eins eigen vesle plett på jorda. Synleggjera den, og med konge og dronning som vitne retta ryggen og kjenna seg stolt over heimstaden sin.
Slikt er ikkje daglegdags for oss nordmenn. Heller ikkje for folk i Vaksdal. Men slik kan det mest verdfulle ved et kongebesøk vera at kongen ser – og så ser folk flest også sitt eige i eit anna lys.
Vi vert kvardagsmenneske til festbruk!
Lukke til med kongeleg vitjing!
«Kongen forteller»
Hausten 2020 gav Harald Stanghelle ut boka «Kongen forteller». Den er ei samtalebok som vart til i samarbeid med kong Harald. I arbeidet med boka var Stanghelle gjest på kongeskipet Norge under fylkesturen i juni 2019 til Jondal, Granvin, Ulvik, Odda og Askøy. Her skriv Stanghelle om kva rolle slike kongelege vitjingar har både for kongeparet og dei som får slik gjev vitjing. Biletet er teke på Bygdøy Kongsgård.
Dei direkte sitata frå kong Harald er henta frå boka «Kongen forteller» av Harald Stanghelle.