Herold

Høg eller låg aktivitet?

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Øyvind Hardeland, Kvinnherad Arbeidarparti Published: 2026-05-19 20:30:00
Høg eller låg aktivitet?

Sigurd Vikøren er i lesarbrev bekymra for den høge aktiviteten, som han fryktar vil skada naturen i Kvinnherad. I dei ti siste åra har talet på nybygg minka med 740 i høve til dei ti føregåande åra. Aktiviteten er dermed nede på same nivå som i Tysnes (6 bygg i skilnad). Der bur det 3036, medan det her bur 13236. Skal Kvinnherad unngå at dei svært negative folketalsprognosane til SSB slår til, må byggjeaktiviteten aukast, og difor hastar det med å få godkjent ein ny kommuneplan, som opnar for ein slik aktivitetsauke. Men då kan me ikkje krevja reguleringsplan kvar gong ein ungdom søkjer om å få byggja seg ein heim.

🏷️ Extracted Entities (4)

Kvinnherad (entity) SSB (entity) Sigurd Vikøren (person) Tysnes (place)