Datatrøbbel lammar norske apotek: – Vanskeleg å henta ut reseptar
Plus
Alle apotek i Noreg er ramma av IT-problem som gjer det vanskeleg å henta ut reseptar. Årsaka er trøbbel med tilgangen til reseptformidlaren.
Problema oppstod i 13-tida tysdag.
Det er førebels store utfordringar med IT-systema som apoteka brukar for å få tilgang til reseptar frå reseptformidlaren. Dette skapar vanskar for pasientar som skal hente ut medisinen sin.
– Det gjeld tilgang til systema legen sender til reseptformidlar om som apotek må ha tilgang til, seier kommunikasjonssjef Jostein Soldal i Apotekforeininga til NRK.
Problema inneber at det er vanskeleg eller i verste fall umogeleg for folk å få utlevert medisinen sin. Ifølgje Soldal ser problema ut til å vere landsdekkjande.
– Inntrykket er at dette gjeld alle apotek, seier Soldal.
Apotekforeininga er førebels usikker på kvar feilen ligg, om han er hos dei sjølve eller hos dei statlege systema som er ansvarlege for reseptformidlaren.