Ei iskald straff for eit barns feil
Plus
Kva vinn det norske samfunnet pÄ Ä senda desse brÞrne ut av landet no? Absolutt ingenting.
Det er absurd: To unge menn som har budd her i Ärevis, teke fagbrev, studert, skaffa seg jobb og blitt ein naturleg del av samfunnet vÄrt, fÄr liva sine Þydelagde over natta.
Kvifor? Fordi dei som mindreÄrige asylsÞkarar gav uriktige opplysningar om kva side av grensa dei vaks opp pÄ: Dei sa dei var frÄ Afghanistan, men var fÞdde og oppvaksne i eit flyktningmottak for afghanarar i Pakistan.
Dom i saka om Sawab og Hameed: â Heilt forferdeleg
BrÞrne fekk i september 2024 beskjed om at dei mÄtte forlata landet. Dei gjekk til sak for Ä omgjera vedtaket, og vann i fjor vÄr mot Utlendingsnemnda (UNE) etter tre dagar i Oslo Tingrett. UNE anka, og i gÄr kom dommen: Borgarting lagmannsrett slÄr fast at tilbakekallinga er gyldig.
Dommen er heilt sikkert juridisk korrekt. Men spÞrsmÄlet me som samfunn mÄ stilla oss, er om dette er rettvist. Er det rimeleg at ein feil du gjer som 14-Äring pÄ flukt skal henga ved deg som ein ulegeleg kreftbyll for resten av livet?
DÄ Hordaland skreiv om Sawab i 2024, vakna det lokale engasjementet: «Han er eit arbeidsjern og ein skikkeleg god kollega. Det er heilt utruleg at ein slik ressursperson mÄ ut av landet», sa kollegaane hans til Hordaland den gongen.
StĂžttekonsert for Sawab og Hameed: â Eg og bror min er veldig takknemlege
Folk reagerte fordi dei sÄg ein ung mann som ville noko. Ein som tok fagbrev, fekk seg jobb og bidrog i hÞgste grad til det norske samfunnet. BrÞrne bur saman i Fyllingsdalen. Sawab jobbar i eit byggefirma i Bergen, medan Hameed studerer.
«Slike gutter det vil gamle Norge ha». Med unntak av at dei heiter Hameed og Sawab, og at dei i ein pressa situasjon i tidleg tenÄra kom i skade for Ä gjera ein feil dei no blir iskaldt straffa for.
Kva vinn det norske samfunnet pÄ Ä senda desse brÞrne ut av landet no? Absolutt ingenting. Me mistar arbeidskraft, skatteytarar, gode kollegaer og vener. Det einaste staten oppnÄr, er ein prinsipiell siger for eit firkanta regelverk.
Ikkje berre blir Sawab og Hameed rivne vekk frĂ„ liva sine â dei blir i same slengen sparka medan dei ligg nede: BrĂžrne er dĂžmde til Ă„ betala over 200.000 kroner i sakskostnadar til staten. Berre eg som fĂ„r ein ekkel smak i munnen av dette?
Viss denne dommen blir stÄande, viser det eit kynisk og iskaldt system blotta for sunn fornuft og skjÞnn.
Eit slikt Norge er ikkje eit Norge eg vil ha.
Denne veka tek Sawab (23) fagbrev. Neste veke mÄ han ut av landet
No er brĂžrne ferdige i retten for andre gong: â Det kan gĂ„ alle vegar
No mĂ„ Sawab og Hameed i retten igjen. â Me er litt nervĂžse
Utlendingsnemnda ankar dommen i saka mot Sawab og Hameed