– Vi opplever at fylkeskommunen er klar for å vere med på vidare sentrumsutvikling på Odda Smelteverk
Plus
Vestland fylkeskommune sitt Hovudutval for kultur, idrett og inkludering (KULI) vitja nyleg Ullensvang for ei omfattande synfaring. Målet var å få eit nærare innblikk i den rike industrihistoria knytt til Odda Smelteverk og Kraftmuseet i Tyssedal, og dessutan å diskutere framtidig utvikling og bevaring.
Besøket starta i Odda og Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) leia delar av omvisinga.
– Dei kom i buss til Odda terminal, der vi tok imot dei. Her fekk dei òg besøkje turistinformasjonen, fortel Aga Haug.
Deretter gjekk turen rundt på Smelteverkstomta, der utvalet fekk sjå meir av Ovn 3 og dessutan elvepromenaden, Oddamsio, cyanamidfabrikken, Sentralbadet Litteraturhus og Lindehuset. Dei fekk informasjon om smelteverket sin oppstart, drift, nedlegging og fredingsprosess, og dessutan planane for å utvikle området gradvis. Undervegs stilte utvalet mange spørsmål om korleis den vidare utviklinga av tomta skulle skje.
– Vi vart spurde om korleis vi skulle gjennomføre utvikling av resten av tomta, og kva ressursar vi kunne tenkt å bruke på det, seier Haug.
Han understreka kor viktig det er med samarbeid:
– Vi informerte om at dette bør gjerast i lag med næringslivet, slik som det har vore fram til no. Vidare var det ein føresetnad ved fredinga at både stat og fylke skulle bidra med ivaretaking på kulturminnefeltet.
Frå Odda til Tyssedal
Utvalet fekk også oppleve Landslinja for smedfag i full aktivitet i Smia, og fekk sjå industriarkivet og Skalltaket, der dei fekk informasjon om ulike aktivitetar. Ved Cyanamidfabrikken vart det diskutert produksjon og tankar om gjenbruk, med innspel frå både fylkeskonservatoren og fylkeskultursjefen.
I Sentralbadet informerte Ingvild Ystanes om Litteraturhuset, og i Lindehuset vart det orientert om tidlegare og framtidig bruk, med bakgrunn i fylkeskommunen sitt nylege vedtak om å halde fram stønaden på 6,1 millionar kroner.
Ferda gjekk vidare til Kraftmuseet i Tyssedal, der dei møtte direktør Liv Eirill Evensen saman med styremedlemmer. På vegen fekk KULI informasjon om leilegheitsprosjekt på import- og godsterminalen, hotellplanar på eksportkaien, og behovet for opprusting av riksveg 13. Dei fekk òg informasjon om utviklinga hos Boliden og næringsklynga på Eitrheim. Etter omvising i kraftkatedralen og lunsj i Kraftstova, fekk enkelte av deltakarane med seg røykt fjellaure frå Hardanger Fjellfisk.
Tilbakemeldingane frå KULI-medlemene var ifølge ordføraren svært positive.
– Tilbakemeldingane på besøket var veldig bra. Vi meiner sjølv at vi fekk fram mykje informasjon, og at tida vart nytta til synfaringar og ikkje til powerpoint-presentasjonar, fortel Roald Aga Haug.
Ordføraren ser lyst på framtida for Odda Smelteverk-området.
– Vi opplever at fylkeskommunen er klar for å vere med på vidare sentrumsutvikling på Odda Smelteverk, avsluttar Haug.
Talarstolbanking
Leiar i KULI, Jacob André Telvik Nødseth (V), seier det var eit entusiastisk utval som vart vist rundt av eit minst like entusiastisk vertskap.
– Fylkeskommunen og kommunen har saman fått til mykje bra der ein tek vare på den teknisk-industrielle kulturarven i Odda og Tyssedal. Som eg sa: Det samarbeidet må vi halde fram og styrke, for her er eit enormt potensial for framtida, uttalar Nødseth til Hardanger Folkeblad.
Leiaren i utvalet seier han elles fekk eit spontankurs i talarstolbanking av Terje Kollbotn (Raudt), då dei såg den gamle og legendariske talarstolen frå Folkets Hus.
– Så den har eg rekvirert til eg skal opne Litteratursymposiet i haust, seier Nødseth.