Herold

Er det berre «vasskrafta» som skal sikre Suldal kommune si framtid, eller skal andre og meir kreative tankar også kunna bidra?

Plus
Kilde: HF Author: Olav Martin Skaar, pensjonist Published: 2026-05-19 22:09:00
Er det berre «vasskrafta» som skal sikre Suldal kommune si framtid, eller skal andre og meir kreative tankar også kunna bidra?

«Snille barn ber ikke om noe,……….men så får de da heller ikke noe!»

Det er med stor interesse, men også med ein «liten» snev av undring, eg som «gamal» kraftutbyggjar og tilsett / leiar innan kraftkrevjande industri, har lese reportasjane i lokalavisa Suldalsposten om den omfattande «Kraftkonferansen» i Hylen og på Nesflaten. Blant sentrale deltakarar var mellom andre, olje- og energiminister Terje Aasland, for å freiste løysa Noregs «kraftfloke» gjennom to hektiske dagar i mai.

Krafttemaet er etter mitt syn, ei komplisert og svært omfattande sak. Det fordrar inngåande kunnskap og innsikt kring teknikk og forsking, krav og metodar for utbygging, drift og vedlikehald av kraftproduksjonsanlegg, levetidskostnadar, styring og kontroll av eit sikkert og stabilt overføringsnettet. Til slutt kjem me fram til ein fornuftig og nødvendig nytte av den elektriske krafta som vert produsert.

Ein kompliserande faktor som kan føre til ei manglande forståing av argumenta, er sjølvsagt bruken av vanskelege ord og faguttrykk. Ein må også skaffe seg kunnskap kring fordelar og ulemper ved dei einskilde energiformene som er aktuelle i valet vi står føre. Det kan vere mellom fossilt-, fornybart- eller kjernekraftproduksjon.

Ut frå bildeserien i avisa, saknar eg personar frå mellom anna nabokommunar og bygdelag som eg kjenner som kunnskapsrike menneske med solid erfaring, innsikt og kunnskap om temaet kraft og konsesjonshandsaming. Det er trist med tanke på erfaringsutveksling mellom partar som nærast sit i same båten, med liknande utfordringar. Det ser ut som om at Ullensvang kommune og Røldal er utegløymd.

Ser ein historisk på dei største vasskraftutbyggingane i området etter 1960, har nok dei lokale styresmakter hatt enklare spørsmål å handsame i tidlegare tider. Nokon vil hevde at dei i stor grad berre vart overkøyrd av storsamfunnet, sentrale styresmakter eller ivrige kraftutbyggjarar. Andre vil sikkert påstå at Suldal kommune alltid trekkjer «gullkortet», utan att dei eigentleg har gjort seg fortent til dette.

Den første planlegginga av Røldal Suldal Kraft (RSK), hadde Røldal som det framtidige senteret i prosjektet, med sentral administrasjon og bustader for dei tilsette. Nesflaten vart då sett på som ein udiskutabel utkant av utkantane i Norge. Med ferjeforbindelse over Suldalsvatnet til kommunesenteret på Suldalsosen, samt ein elendig kjerreveg opp til Røldal. Røldal kunne derimot sjå fram til ein gjennomført planlagt heilårsveg over Haukeli til Oslo med knyting til Haugesund og Odda.

Ei planendring på grunn av manglande tilgang til og høvelege areal for bustader i Røldal, førte til at ein valde Nesflaten som hovudsenteret for RSK. Dette valet medførte nok litt strid og diskusjonar internt hjå utbyggjar, Hydro, vert det sagt. Ved denne endringa kunne Suldal berre sitje stille i båten og la «store» Hydro ordne det meste, utan at kommunen trengde løfta ein finger for å bidra til framdrifta. Det vart jo ei dagsreis å koma seg til kommunesenteret for folk frå Øvre Suldal, det var mykje enklare å snakke med Hydro og Kielland, der fekk ein iallfall raske og klare svar.

Ein føresetnad for RSK prosjektet var produksjon av industrikraft til Vestlandet. Dei tre største kraftmagasina vart lagt til Røldal med neddemming av Valldalen, Votna samt senking av Røldalsvatnet (Magasinvolum 524 m.m3). Dette vart dei mest inngripande natur- og miljøøydeleggjande tiltaka som nokon gong har blitt gjennomført i samband med kraftutbygging i Noreg. Det er fortalt at då Generaldirektør Johan B. Holthe i Hydro, ein gong vart spurd om han nokon gong hadde «trega» på neddemminga av Valldalen. Holthe som var ein svært jordnær, audmjuk og reflektert person, vart ståande taus lenge før han svara: «Når jeg nå vurderer den virksomheten som er blitt skapt på Karmøy, ville en ikke kunne ha bygget Karmøy fabrikker eller kraftverkene, uten etablering av Valldalsmagasinet, så da må svaret bli et nei.» Det er på denne bakgrunnen ein må forstå motstanden frå Røldalsamfunnet mot vidare øydelegging av natur og miljø i nærområdet til bygda. Bygdefolket meiner dei har vore lojale og stillteiande akseptert krav og forventningar frå storsamfunnet kring industrikraftleveringa. Pumpekraft og effektauke får ein løyse i andre kraftsystem som er meir stabile og robuste og som ikkje gir magasinnivåendringar på opptil fire meter i døgnet. Røldølane har ofra nok natur for andre! Røldal vil ikkje vera med på å setje nærast verdsrekord med reversibel pumpeturbin, som med låg verkningsgrad og stabilitet skal «løfte» Røldalsvatnet 657 høgdemeter opp til Votna på grunnlag av prisnivået i EU.

Konklusjonen etter RSK utbygginga er rimeleg enkel: Suldal fekk «gullkortet» med sentral etablering på Nesflaten og kunne såleis «skumma fløyten». Røldal vart sitjande att med «svarteper» og det meste av miljø- og naturmessige ulemper.

Ulla Førre-anlegga hadde ein aktiv men noko forsinka planleggingsperiode under bygginga av RSK. NVE Statskraftverka gjekk difor inn som medeigar i RSK AS med 50 % i 1962. Det var utarbeida to alternative planar for utbygginga. Førre alternativet og Suldal alternativet. Suldal alternativet ville få høgast kraftproduksjon og dermed større inntekter til Suldal. Det vart gitt konsesjon for Suldal alternativet i 1974.

Nok ein gong fekk Suldal tildelt «gullkortet», medan Hjelmeland kommune sat att med «svarteper».

Jacob de Rytter Kielland som var anleggsleiar både for utbygginga av Røldal Suldal Kraft, Mongstad raffineriet og Ulla Førre-anlegga. hadde fleire folkelege visdomsord og uttrykk som han nytta ved leiarmøte, der han bad oss om å hugse på og tenke over i vårt arbeide:

«Snille barn ber ikke om noe,……….men så får de da heller ikke noe!»

Dette kan nok gjelde på dei fleste områder og i organisasjonar der nokon alltid skrik høgast og dermed får mest, vil eg tru.

🏷️ Extracted Entities (31)

Øvre Suldal (person) Røldal Suldal Kraft RSK (organization) Hydro (entity) Nesflaten (entity) Førre (entity) Noreg (entity) Røldalsvatnet Magasinvolum (person) Valldalen (entity) Votna (entity) EU (entity) Generaldirektør Johan B. Holthe (person) Haugesund (place) Haukeli (entity) Hjelmeland (place) Hylen (entity) Kielland (place) Kraftkonferansen (entity) Mongstad (place) NVE Statskraftverka (organization) Norge (entity) Odda (entity) Oslo (place) RSK AS (organization) Røldalsamfunnet (entity) Suldalsosen (entity) Suldalsposten (entity) Suldalsvatnet (entity) Terje Aasland (person) Ulla (entity) Ullensvang (entity) Vestlandet (entity)