Herold

Fløyfjellstunnelen blir nattestengd fram til jol

Plus
Kilde: Hordaland Author: Tommy Duesund Published: 2026-05-19 22:05:00
Fløyfjellstunnelen blir nattestengd fram til jol

Tunellen skal gjennom ei omfattande oppgradering.

BA: – Fløyfjellstunnelen blir stengd kvar natt fram til jol, seier prosjektleiar Kristian Dahle Sylta i Statens vegvesen.

Bio Kristian Dahle Sylta

Fleire overvakingskamera

Årsaka er eit svært omfattande arbeid som skal gjerast inne i tunellen.

Det skal monterast nye sjaktventilatorar, samstundes skal alt naudutstyret i den trafikkerte tunellen skiftast ut.

Det gjer at tunellen blir stengd fram natt fram til jol.

– Det blir nye naudtelefonar, brannskap, nye overvakingskamera og nytt styresystem for heile tunellen. Det skal også monterast fleire ekstra overvakingskamera. Det er kamera som mellom anna kan identifisera brann og stansa køyretøy i tunellen, opplyser Sylta.

Ikkje nok med det.

– Det skal også leggjast røyr for fiber og andre elektriske kablar, og dei skal støypast ned i røyrgate langs vegbana i begge tunell-løpa, forklarar han.

Tunellen kan haldast stengd tolv timar i døgeret i helgene, mellom klokka 21:00 og 09:00. På vekedagane kan tunellen bli stengd frå 21:00 til 05:30.

Kan stenga begge tunell-løpa

Entreprenøren har moglegheit til å stenga begge tunell-løpa samstundes i helgene fredag til sundag frå klokka 01:00 til 06:00

Heile oppgraderinga skal vera ferdig utført til nyttår.

– At det framleis blir litt køar når me stengjer Fløyfjellstunnelen heilt eller delvis er ikkje til å unngå med den trafikkmengda som er i bergensområdet, men det vil ikkje vera i nærleiken av det me opplevde 9. mai-helga, påpeikar seksjonsleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Fløyfjelltunnelen har to løp, kvart med to køyrefelt.

Det nordgåande løpet er 3.825 meter langt, tek trafikken ut av sentrum og blei opna 28. november 1988.

Det sørgåande løpet er 3.195 meter langt og er for trafikk inn til Bergen.

Det blei tatt i bruk 7. juli 1989.

Tunellen leiar trafikken vekk frå Sandviken og Bergen sentrum.

– Det vil veksla på kva tunell-løp som blir stengt i anleggsperioden, fortel Sylta.

Når Fløyfjellstunnelen blir stengd dei neste sju månadane er det ikkje venta dei same trafikale problema som ved førre stenging.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

🏷️ Extracted Entities (7)

Kristian Dahle Sylta (person) Bergen (entity) Fløyfjellstunnelen (entity) Statens (entity) BA: (entity) Jørn Kristian Engebø (person) Sandviken (entity)