Pensjonert raudrussdame
Plus
Russen er ikkje fritatt for ansvar, skriv Helena Bremer Farsund i dette lesarinnlegget.
Ja, dette kjem frÄ ei eldre, pensjonert raudruss-dame. Men fÞr nokon avfeiar dette som moralpreik frÄ steinalderen: eg er fÞdd pÄ 70-talet, ikkje pÄ 1800-talet. Vi visste ogsÄ Ä slÄ oss laus i ungdommen, tru meg. Russ har aldri vore eit museum for hÞfleg oppfÞrsel. SÄ nei, dette handlar ikkje om at eg meiner ungdom i dag mÄ sitte stille, smile pent og halde hendene over dyna. Russ skal vere synlege. HÞglydte. Kreative. Litt ville. Litt irriterande, til og med. Slik har det alltid vore. Men det finst ei grense mellom ungdommeleg provokasjon og rein tankelausheit.
â Eg reagerte og blei veldig lei meg
NĂ„r symbol, motiv eller referansar knytte til menneske som er kjende for grove overgrep blir brukt for Ă„ skape merksemd, dĂ„ er det grunn til Ă„ stoppe opp. DĂ„ handlar det ikkje om Ă„ vere «lettkrenkt». DĂ„ handlar det om heilt vanleg dĂžmmekraft. Det er mogleg intensjonen ikkje er Ă„ glorifisere slike personar,men intensjon er ikkje det same som verknad. NĂ„r mange reagerer med avsky eller undring, er ikkje den automatiske konklusjonen at «folk toler ingenting». Av og til betyr det ganske enkelt at ein har bomma. Det som uroar mest, er haldninga om at reaksjonane ikkje betyr noko. At mĂ„let berre er merksemd. At all PR er god PR. Nei. Det er ikkje modig Ă„ provosere for provokasjonen si skuld. Det er ikkje smart Ă„ bruke overgrepssymbolikk som blikkfang. Og det er definitivt ikkje modent Ă„ meine at ein berre kan «drite i» korleis folk reagerer. Ă vere russ er ikkje eit frikort frĂ„ ansvar. Tvert imot. NĂ„r ein vel Ă„ ta plass i det offentlege rom, mĂ„ ein ogsĂ„ ta ansvar for kva ein kommuniserer. Dette handlar ikkje om Ă„ ta frĂ„ ungdom humoren, kreativiteten eller festen. Vi hadde vĂ„r del av galskap vi ĂČg, tru meg!!!....Men,det finst faktisk ei grense mellom Ă„ slĂ„ seg laus og Ă„ vise dĂ„rleg dĂžmmekraft. Respekt, refleksjon og ansvar er ikkje gammaldagse verdiar. Det burde vere heilt sjĂžlvsagt.Ei pensjonert raudruss-dame frĂ„ 70-talet.