Herold

Novaform fekk stort oppdrag: – Vi skal bli fleire

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-05-19 22:34:00
Novaform fekk stort oppdrag: – Vi skal bli fleire

Nok eit stort oppdrag i Sognefjorden til Florø-firmaet Novaform AS.

Tersan Havyard i Leirvik fekk i mars godkjent reguleringsplanen som trengst for å få bygd ei ny dokk.

Tre til fem personar

No har dei skaffa seg byggherrebistand hos Novaform for å utvikle planane vidare: «Prosjektet omfattar etablering av ei ny dokk på ca 180 x 40 meter, med planar om vidaretilrettelegging for hall over dokka. Dette markerar eit viktig steg i vidareutviklinga av verftet og styrkjer regionens rolle innan maritim industri», skriv Novaform i ei pressemelding.

Avdelingsleiar Jim Tore Kristiansen i Florø seier det er litt uvisst kva dette vil bety i tal stillingar, men at dei ser føre seg å oppbemanne kontora både her og i Førde.

– Til saman er vi no ni. Og både med tanke på dette prosjektet og kommande, er strategien er at vi skal vere mellom sju og ni personar på kvart av kontora i løpet av året eller neste år. Dette prosjektet vil nok sysselsette mellom tre og fem personar, og kjem vi i gang som planlagt, vil det strekkje seg halvtanna til to år framover.

Kan bety nytt kontor

Totalkostnaden på utbygginga er det for tidleg å seie noko om.

– Vi sit no og jobbar med budsjettet og håpar å kunne gå ut i marknaden og be om tilbod i løpet av eit par månader.

– De har også eit stort prosjekt for Fjord1 om byggeleiing på ombygginga av ferjekaiene på Lavik og Oppedal. Flyttar de heile bedrifta til ytre Sognefjorden no?

– Nei, det gjer vi ikkje, smiler Kristiansen.

Han legg til:

– Men held aktiviteten fram som no, så er eg ikkje framand for eit satelittkontor med lokalt tilsette.

Signerte storkontrakt med Fjord1

🏷️ Extracted Entities (11)

Avdelingsleiar Jim Tore Kristiansen (person) Fjord1 (entity) Novaform (entity) Sognefjorden (entity) Florø (entity) Florø-firmaet Novaform AS (organization) Førde (entity) Lavik (place) Leirvik (place) Oppedal (place) Tersan Havyard (person)