Herold

Generalforsamling utan innhald , men med god formiddagsmat for lånte pæng

Plus
Kilde: Aura Avis Author: Erling Rød Published: 2026-05-19 15:06:10
Generalforsamling utan innhald , men med god formiddagsmat for lånte pæng

Ap-ordførar Refstie og varaordførar Gjersvoll skal no 18. mai halde generalforsamling i Akvainvest Møre og Romsdal AS. https://sunndal.pj.360online.com/Journal/SearchRelated…

Sunndal kommune eig omlag 95% av selskapet, medan Averøy kommune og fylkeskommunen eig resten.

https://www.proff.no/roller/akvainvest-møre-og-romsdal-as/sunndalsøra/forskning-og-utvikling/IGEB8YX00FV

I samrøret er Refstie styreleiar, og Gjersvoll er kommunen sin eigarrepresentant. Fram til 2022 var kommunedirektør Steinland dagleg leiar, men no er han berre skrivar og hjelpar.

Selskapet gjer ikkje anna enn å eige 10% av Nofima AS. Sunndal kommune eig indirekte på denne måten 9,5% av Nofima AS. Akvainvest Møre og Romsdal AS har ikkje inntekter.

Nofima AS har enno ikkje lagt fram årsrekneskap og det har ikkje vore generalforsamling.

Nofima AS har 40-50 tilsette i Sunndal og er ei viktig verksemd i bygda vår. Sunndal kommunestyre som indirekte er storeigar, bør følgje med i kva som skjer der.

Nofima AS har dei siste åra gått med underskott, og seinast i fjor minska dei talet på tilsette.

Generalforsamlinga , Lusie Gjersvoll, i Akvainvest Møre og Romsdal AS skal godkjenne årsrekneskapen og fastsetje godtgjering til styret. Utan årsrekneskapen frå den einaste eigedelen, er det umogeleg i lage eit eige rekneskap som er noko å stole på. Generalforsamlinga blir då utan innhald.

Akvainvest Møre og Romsdal AS som ikkje har inntekter, måtte for 2 år sia ta opp eit likviditetslån på 50 tusen kroner for å dekke dei løpande utlegga. Det fekk dei frå Sunndal kommune, sjøl om det etter finansreglementet er på kanten å låne ut pæng til aksjeselskap. Sjå sak 29/24 https://opengov.360online.com/…/Meetings/Details/321636…

Generalforsamlinga skal vere på Philipshaugen Lodge i Øksendala. Der blir det truleg fin servering. Leige av møterom og serveringa blir betalt med lånte pæng. Sunndal kommune har eigne fine møterom og kantine.

Akvainvest Møre og Romsdal AS bør selge aksjane i Nofima AS til dei andre eigarane eller til kommunen og avviklast.

Eigarskapet blir då synleg og ryddig. Ordførar Refstie vil bli habil i fleire saker og kostnadane vil gå ned.

Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.

Sunndalsøra 2026-05-15

🏷️ Extracted Entities (10)

Akvainvest Møre (person) Romsdal AS (organization) Lusie Gjersvoll (person) Nofima AS (organization) Refstie (entity) Sunndal (place) Averøy (place) Philipshaugen Lodge (person) Steinland (place) Øksendala (entity)