Fellesforbundet rasar: Statlege aktørar bruker streikeramma hotell
Medan enkelte avlyser planlagde møte og konferansar, går andre statlege møte som planlagt ved streikeramma hotell.
Saka samanfatta:
- 294 tilsette gjekk ut i streik 11. mai, og streiken kan snart omfatte over 5000 tilsette.
- Statsforvaltaren i Innlandet og Cyberforsvaret har halde møte på streikeramma hotell, noko Fellesforbundet reagerer sterkt på.
- Norsk Sykepleierforbund i Innlandet avlyste sin årlege fagkonferanse i solidaritet med dei streikande.
- Partane i konflikten hadde møte hos riksmeklaren tysdag.
- Fellesforbundet meiner offentlege aktørar burde avstå frå å bruke streikeramma hotell.
Måndag 11. mai gjekk 294 tilsette i hotell- og restaurantnæringa i Noreg ut i streik. Blant dei om lag 30 tilsette ved Scandic Lillehammer hotell.
Dagen etter arrangerte Demensnettverket Innlandet fagdag på Scandic-hotellet. Nettverket består mellom anna av Statsforvaltaren og Sjukehuset i Innlandet.
Det har vekt harme hos Fellesforbundet.
Dei forventar at fagforeiningar og kommunar ikkje nyttar seg av hotell der tilsette er tekne ut i streik.
– Dei kan halda seg for gode til å oppsøkja og bruka hotell som er ramma av streik. Det undergrev streiken vår og bidreg til at streiken blir oppretthalden betydeleg mykje lenger, seier organisasjonsarbeidar Svein Grandalen i Fellesforbundet.
Laurdag kan over 5000 tilsette i dei to bransjane vere tekne ut i streik.
– Ikkje greitt
Leiar av Fellesforbundets avdeling 670, Martyna Kornikaite Sagsveen, reagerer på at fagdagen ikkje blei avlyst eller flytta.
Ho understrekar at dei prøver å få til ei løysing på streiken.
– Det at vi er ute og streikar, betyr ikkje at vi vil det. Dette er middelet vårt for å vinne fram det vi ønsker å vinne, og for å møtast igjen til eit møte med motparten.
Martyna Kornikaite Sagsveen, leiar av Fellesforbundet avdeling 670.
NRK har stilt Statsforvaltaren fleire spørsmål om møtet, mellom anna om kva dei meiner om å ta i bruk eit streikeramma hotell. Noko kommunikasjonssjef Karianne Stordal ikkje vil svara på.
– Me har tillit til at begge partar i streiken følgjer spelereglane, og med det som utgangspunkt forheld me oss til kontraktane me har inngått og ønskjer ikkje å påverka streiken, svarar ho.
Statsforvaltaren i Innlandet er ein av fleire medlemmar av demensnettverket som hadde møte på det streikeramma hotellet.
Møter i Forsvaret
Det er ikkje berre Statsforvaltaren som har nytta det aktuelle hotellet etter at streiken var eit faktum.
Måndag denne veka hadde Cyberforsvaret møteverksemd på hotellet.
Cyberforsvaret har hovudkvarteret sitt på Jørstadmoen på Lillehammer.
Kommunikasjonssjef Hanne Stine Kind har avvist NRKs førespurnad om intervju i saka, men skriv i ei melding:
– Dette er eit mindre arbeidsmøte mellom Forsvaret og partnarar som går føre seg over nokre dagar.
NRK har stilt Kind fleire spørsmål, mellom anna om omfanget av møtet, og om det var aktuelt å endre på planane. Spørsmåla har ho ikkje svart på.
Dette svarar Scandic
Håvard Solum, distriktsdirektør for Scandic i distrikt Øst, svarar følgjande på NRK sine spørsmål i saka:
Kva meiner de?
– Me respekterer dei organiserte sin rett til å streika, og ikkje minst spelereglane som gjeld under ein streik. Samstundes har me eit viktig ansvar for å halda oppe drift, både for våre tilsette som ikkje er i streik og for gjestene våre. Me ønskjer ikkje å kommentera nemnde påstand.
Har de opplevd ein del avbestillingar på grunn av streiken? Både ved dette hotellet, og elles generelt?
– Me har opplevd svært få avbestillingar på hotella våre under streiken. Me har teke imot dei aller fleste som har booka opphald, og gjennomført dei fleste av dei planlagde arrangementa.
Kva synspunkt har dykk på verksemder som kansellerer i solidaritet med streikande?
– Det ønskjer eg ikkje å kommentera.
Har de hyra inn ekstra bemanning no under streiken?
– Me har ikkje høve til å erstatta tilsette som er i streik, og forheld oss til reglane som gjeld for bemanning i denne situasjonen.
Korleis påverkar streiken hotellet, dette konkret, og elles generelt?
– Scandic Lillehammer Hotel er i dag i vanleg drift, og dei tilsette jobbar hardt for å skapa gode gjesteopplevingar i ein krevjande periode. Me vurderer fortløpande, hotell for hotell, om det blir nødvendig å justera tilbodet vårt.
Avlyste
Same dag som dei tilsette ved hotellet gjekk ut i streik, skulle Norsk Sykepleierforbund (NSF) i Innlandet halde sin årlege fagkonferansen på hotellet.
Konferansen blei avlyst i solidaritet med dei streikande, opplyser leiar Ida Høiby.
– Årsaka er enkel: NSF støttar Fellesforbundet og den rettferdige kampen deira for krava. Det er sjølvsagt for oss å utvise solidaritet i denne situasjonen og derfor avlyse fagkonferansen. Vi har ikkje flytta eller utsett konferansen, den blei avlyst.
Ida Høiby, fylkesleiar i NSF Innlandet.
Cirka 140 personar var påmelde konferansen. Den blei avlyst fire dagar før den skulle finne stad, fortel Høiby.
Organisasjonsarbeidar Svein Grandalen er takksam for solidariteten.
– Eg synest det er veldig vakse gjort, seier han.
Over 5000 i streik
Måndag blei streiken i hotell- og restaurantnæringa trappa ytterlegare opp. Då vart det sjuande uttaket eit faktum. Samla er 4 416 tilsette ved 331 bedrifter nå i streik.
Tysdag møttest partane i streiken, Fellesforbundet og NHO, hjå riksmeklar Mats Wilhelm Ruland.
– Me har hatt eit godt møte i dag. Me er dessverre ikkje i mål. Me kjem til å ha kontakt vidare no i løpet av forholdsvis kort tid og jobba vidare for å prøva å finna ei semje, sa Ruland etter møtet.
Måndag enda det samtidig med brot i hotell- og restaurantmeklinga mellom Fellesforbundet og Virke. Partane skal nå møtast hos riksmeklaren. Fristen for å semjast er midnatt 22. mai.
Blir dei ikkje samde, kan 628 tilsette bli tekne ut i streik frå laurdag.