Høgre-leiinga under press: Strid om Oslo-dominans før landsmøtet
«Bunads-Høgre» bryt husfreden og signaliserer at det kan bli nødvendig med kampvotering under landsmøtet i februar.
Saka oppsummert:
Kva er «bunadshøgre»?
Les også
Nestleiar-jakta i gang: Dette skaper hovudbry for Høgre
– Tre stykk som trør skotøyet sitt på Karl Johan? Ikkje aktuelt
Les også
Nestleiar-jakta i gang: Dette skaper hovudbry for Høgre
Les også
Kilder til NRK: Asheim og Svenneby ser ut til å bli Høyre-nestledere
– Er Høgre verkeleg så maktblinde?
Bernt Hagtvet
Stein Rokkan
Les også
Desse vil Distrikts-Høgre ha inn i leiinga
Les også
«Grilling» på Lysebu: Jakta på ny Høgre-leiar fortset
Les også
Svenneby og Asheim: Slik svarer de om Høyres politikk
– Det er sterk misnøye i distrikt-høgre over at den presumptive leiartrioen berre består av kandidatar frå Oslo-området. – Vestlandsrepresentantar meiner at partiet overser viktigheita av geografisk representasjon i leiinga. – Peter Christian Frølich, som mange såg som ein naturleg vestlandskandidat til nestleiarvervet, har trekt seg frå diskusjonen. – Bø-ordførar Sture Pedersen og andre distriktsrepresentantar varslar kamp på landsmøtet i februar. – Politisk redaktør Sølve Rydland meiner Høgre risikerer å svekke tilliten i distrikta og gjere same feilen som Arbeidarpartiet. – Det blir peika på fleire aktuelle kandidatar frå distrikta som kunne styrkt den geografiske balansen i partileiinga.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
*«Bunads-Høgre» varslar kamp på landsmøtet i februar, der partiet skal velje Erna Solberg sin erstattar og to nestleiarar. *
Bakgrunnen er signala om at den leiartrioen berre vil bestå av «Oslo-folk» (Ine Eriksen Søreide, Henrik Asheim og Ola Svenneby).
– Dersom innstillinga endar med tre personar frå Oslo, så meiner eg valkomiteen leverer dårleg. Vi har da heldigvis flinke folk utanfor bomringen i Oslo òg, seier bergenspolitikar Eivind Nævdal-Bolstad (H).
Bunadshøgre er eit uformelt og gjerne litt spøkefullt uttrykk som blir brukt om den delen av partiet Høgre som:
Uttrykket blir brukt for å skilje denne fløya frå dei meir bybaserte og urbane delane av Høgre. Namnet viser til bunaden som eit symbol på nasjonale tradisjonar og tilknyting til bygda.
– PC er den openberre kandidaten som etter mitt syn burde inn som nestleiar, og eg håpar han ombestemmer seg før landsmøtet, seier Eivind Nævdal-Bolstad, som var klassekamerat med Frølich på skolen.
Bergen Høgre har tidlegare insistert på at Peter Christian «PC» Frølich bør bli ein del av leiinga.
Laurdag varsla vestlandsalibiet – til stor overrasking – at han ikkje lenger er aktuell til nestleiarvervet.
– At mitt val også gir rom for eit så ekstraordinært politisk talent som Ola Svenneby som nestleiar, er personleg viktig for meg, forklarte Frølich.
Bø-ordførar Sture Pedersen (H) seier til VG at han «ikkje kan sitte i ro og sjå på at Høgre vel tre personar frå austlandsområdet inn i leiinga».
– Gløym det. Tre stykk som trør skotøyet sitt på Karl Johan? Ikkje aktuelt, seier han.
Om valkomiteen ikkje justerer kursen, lovar han kamp på landsmøtet i februar, der den nye leiinga formelt blir peika ut.
Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.
– Det er eit tap. Dei innstilte er flinke folk, men for distrikts-høgre, kyst-høgre og for den fornyinga vi ønskte oss, så er Frølich den rette, seier han til NRK.
Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.
*«Seriøst? Er Høgre verkeleg så maktblinde?» skriv politisk redaktør i Bergensavisen, Sølve Rydland. *
Med tilvising til Stein Rokkan (sjå under), meiner han at Høgre – til liks med Arbeidarpartiet – er i ferd med å gjere seg skuldig i ein politisk «brølar».
– At ingen av dei to tradisjonelle styringspartia bryr seg om geografisk representasjon i toppleiinga si, fortel ein heil del om at dei to partia ikkje er opptekne av kor viktig denne dimensjonen er i norsk politikk.
Bernt Hagtvet skal ha sagt at «I Noreg er konflikten mellom sentrum og periferi ofte sterkare enn kjønnsdrifta».
Stein Rokkan identifiserte sentrum-periferi som den definerande konfliktlinja i norsk politikk. No slår spørsmålet om geografisk representasjon inn i leiarkampen i Høgre.
Leiartrioen i Arbeidarpartiet består av Jonas Gahr Støre (Oslo), Tonje Brenna (Jessheim) og Jan Christian Vestre (Oslo sidan han var eitt år gammal).
Rydland legg til:
– Om denne sentraliseringspendelen får halda fram, vil ein svekka det enorme verdiskapingspotensialet langs kysten i vest og nord. Det er naivt å tru at dei austlandstunge partileiingane vil bety noko anna enn austlandsk politisk slagside.
– Det manglar ikkje aktuelle kandidatar. Både Peter Christian Frølich frå Bergen og Erlend Svardal Bøe, som er valt inn for Troms, og oppvaksen i Sogn og Fjordane, hadde gitt partileiinga meir enn eit snev av geografisk truverd, seier politisk redaktør i Bergensavisen, Sølve Rydland.
- Har sterk tilhøyrsel til distrikta (landsbygda).
- Legger stor vekt på distriktspolitikk og saker som er viktige for Bygde-Noreg.
- Ofte er meir verdikonservative enn dei meir urbane delane av partiet.