Jobbar for fredsplan for Ukraina: – Den farlegaste tida på 80 år
Samtalar om fredsplan for Ukraina er i gang. Oberstløytnant Palle Ydstebø trur ikkje fred er innan rekkevidde.
Saka oppsummert:
Krigen i Ukraina
Kva har skjedd?
Les også
Trump om Ukraina: Har ikkje uttrykt takksemd
Les også
Witkoff i Moskva for samtaler med Putin: – Han har ingen diplomatisk erfaring
Kva er USA si rolle?
Kva krev Russland av fredsplanen?
Kva tryggingsgarantiar treng Ukraina?
Kva skjer framover?
Les også
Utakk er Trumps lønn
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Utanriksminister Espen Barth Eide meiner at forhandlingar mellom Ukraina og Russland må vere neste steg.
– Vi lever jo i den farlegaste tida på 80 år. Det er krig i Europa. Vi kan ikkje ta for gitt at det ikkje blir verre, seier Eide til NRK.
– No skal vi først sørge for at det blir våpenkvile og fred i Ukraina, men etter det kjem det ei etterkrigstid. Erfaringa vi har som europearar, er at etterkrigstider varer mykje lenger enn krigen sjølv, legg han til.
To kvinner sørger ved gravstadane til ukrainske tenestemenn.
Det er Ukraina si framtid som nasjon som står på spel, ifølgje oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskolen Palle Ydstebø.
*– Zelenskyj har spissformulert det: Dersom Russland sluttar å slåst blir det fred, viss Ukraina sluttar å slåst er det slutt på Ukraina, seier Ydstebø til NRK. *
– Vi kan håpe på fred, men eg ser ikkje på det som realistisk, legg han til.
Saka tar opp spørsmåla:
Følg utviklinga i Ukraina her:
Russland invaderte Krim og deler av fylkene Luhansk og Donetsk i Øst-Ukraina i 2014. 24. februar 2022 gikk Russland til fullskala invasjon. Krigen medfører store militære tap og rammer sivile hardt.
Den siste tida har USA vore i samtalar med Russland og Ukraina om ein fredsplan.
- november blei det kjent at USA og Russland hadde samarbeidd om ein fredsplan for Ukraina.
Fredsplanen blei skildra som ei russisk «ønskeliste», som inneheldt 28 punkt.
Ukraina-planen vekte reaksjonar og fekk internasjonal kritikk – også i USA.
Så byrja forhandlingane mellom Ukraina og USA.
Dei blei einige om eit nytt utkast til ein fredsplan med 19 punkt.
Men planen har framleis detaljar som USA sin president Donald Trump og Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj må forhandle om.
Medan forhandlingane mellom USA og Ukraina heldt fram, gjennomførte Russland angrep mot Ukraina.
Øvste bilete er tatt etter eit russisk missil- og droneangrep utanfor hovudstaden Kyiv laurdag 6. desember. Biletet under er tatt utanfor Kyiv like etter eit russisk missilangrep 30. november.
I slutten av november var ein delegasjon frå Ukraina på plass i Florida for nye samtalar med USA.
– Ukraina er innstilt på å fortsette det ærlege arbeidet ned den amerikanske sida for å oppnå reell fred, sa Zelenskyj etter samtalane.
Fred blir også tema når Zelenskyj skal møte dei franske, britiske og tyske statsleiarane måndag.
Ein familie ser på huset sitt som var råka av eit russisk missil- og droneangrep utanfor Kyiv 6. desember.
Samtidig har USA hatt samtalar med Russland.
I byrjinga av desember landa USA si spesialutsending Steve Witkoff i Moskva i Russland.
Der møtte Witkoff Russland sin president Vladimir Putin, men møtet leia ikkje til noko gjennombrot i fredsarbeidet.
USA har hatt samtalar med begge partane, men landet er i hovudsak ein forhandlar med Russland, ifølgje Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt.
– USA forhandlar først og fremst direkte med Russland, ein av dei to stridande partane, og er derfor ikkje nokon eigentleg fredsmeklar, seier Neumann til NRK.
– USA ser vidare ut til å vere vel så interessert i eigne forretningsmoglegheiter som å skape ein rettferdig og haldbar fred, legg Neumann til.
USA er interessert i eigne forretningsmoglegheiter i fredsarbeidet mellom Ukraina og Russland, ifølgje Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt til NRK.
Neumann forklarar at Russland sine krav har vore dei same sidan krigen braut ut i 2022.
I ein fredsplan vil Russland:
To russiske soldatar som held opp eit russisk flagg i Pokrovsk i Donetsk-regionen i Ukraina. Biletet er frå 2. desember.
Karsten Friis, forskar ved NUPI, peikar på at Ukraina står i ein meir pressa situasjon no enn tidlegare – både militært, økonomisk og politisk.
Ifølgje han er tryggingsgarantiar det viktigaste for landet slik situasjonen er no.
Men Ukraina har dårlege erfaringar med tidlegare tryggingsgarantiar frå Russland.
– Det har vore klart sidan Russland gav garantiar som ikkje blei halde første gong i 1994, at russiske garantiar ikkje er verd noko, seier Neumann.
Vladimir Putin i samtale med Steve Witkoff i Moskva 2. desember.
Manglande tillit til Russland kan vere ei fallgruve i fredsarbeidet.
– Hovudproblemet er at Ukraina ikkje har nokon grunn til å stole på Russland, og at Trump-administrasjonen favoriserer Russland og russiske krav i forhandlingane, legg Neumann til.
– Ukraina treng sine eigne væpna styrkar og løfte om støtte frå europeiske allierte – ideelt sett også frå USA. Alternativet er at Russland tar over landet, seier Neumann.
*Høyr Urix sin nyaste podkast-episode om Ukraina: *
Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix - radio».
Samtalar om fredsplanen vil halde fram til veka.
– Foreløpig veit vi lite om kva som blir diskutert bak lukka dører. Den ukrainske sida melder at forhandlingane går føre seg, men utan fleire detaljar, seier Oleksandra Deineko.
Deineko er forskar ved Institutt for forsvarsstudier (IFS) og By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved Oslo Met.
Forskaren har ikkje tru på at det kom noko ut av helgas samtalar.
Ukrainske brannmenn sløkker ein brann etter eit russisk luftangrep i Volyn-regionen nordvest i Ukraina.
– Russland viser ikkje eit reelt ønske om å avslutte krigen, fordi Putin sitt mål om å forvandle Ukraina til Novorossia ikkje er oppnådd, forklarar Deineko.
– Russland ønsker ein pause for å reparere økonomien etter sanksjonane og fortsette krigen i nær framtid, legg ho til.
For å få til det pressar dei Ukraina med fleire angrep mot sivile og ved frontlinja – ein strategi som Ukraina gjennomskodar.
– Så lenge ukrainske soldatar klarer å forsvare ukrainsk territorium, kjem ikkje presidenten til å signere noko som kan bli oppfatta som kapitulasjon, forklarar Deineko.
Det er lite truleg at Zelenskyj kjem til å signere noko som kan bli oppfatta som kapitulasjon. Her er presidenten avbileta under sitt korte besøk til Noreg 22. oktober.
Zelenskyj veit at det er upopulært blant ukrainarar å godta ein avtale som ikkje sikrar varig fred for landet.
– Det som ukrainarar ønsker mest no, er ein langvarig fred, seier Deineko.
– Målingane viser at fleirtalet av ukrainarar er imot å inngå fred på premiss som kan føre til ein ny russisk aggresjon i nær framtid, legg ho til.
Forskaren understrekar at ukrainarar ikkje kjem til å godta ein ukrainsk kapitulasjon.
Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen sin podkast:
Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix».
- Samtalar om ein fredsplan for Ukraina er i gang.
- Russland sine krav inkluderer kontroll over ukrainsk territorium, rettar for russiske minoritetar og restriksjonar på Ukraina sitt forsvar og militære samarbeid.
- Ukraina krev tryggingsgarantiar, men tilliten til Russland er låg grunna brot på tidlegare avtalar.
Ukrainarar ønsker ein varig fred, men er imot ein avtale som kan bli oppfatta som kapitulasjon.
[Kva har skjedd?](#Kva har skjedd)
- [Kva er USA si rolle?](#Kva er USA si rolle?)
- [Kva krev Russland av fredsplanen?](#Kva krev Russland i fredsplanen?)
- [Kva tryggingsgarantiar treng Ukraina?](#Kva tryggingsgarantiar treng Ukraina?)
- [Kva skjer framover?](#Kva kan skje vidare i fredsforhandlingane?)