Kan få direkte tog til Gardermoen. Notodden SV vil ha stopp på Hjuksebø
Plus
Store delar av distrikts-Telemark kan få direkte tog til Gardermoen frå neste haust. Fylkesdirektøren er positiv til framlegget. Notodden SV vil også at toget stoppar på Hjuksebø.
(TA) Det kom fram da Kjell Arne Lunde, på vegner av regiontoggruppa, orienterte kommunestyret i Midt-Telemark måndag.
To avgangar
Gruppa ønskjer å forlenge dagens regiontog Eidsvoll-Kongsberg til Bø, med to daglege avganger begge vegar, morgon og kveld. Gruppa foreslår vidare av/påstiging i Bø, Gvarv og Nordagutu. Lunde var klar på at eit slikt tog vil styrkje Sørlandsbanen og føre til færre forseinkingar.
Reidar Solberg i Notodden SV meiner toget også bør stoppe på Hjuksebø.
- Det var vi i Notodden SV som hadde det opprinnelege forslaget med å køyre tog frå Hjuksebø. Så kasta bøheringane seg på og har jobba fram eit veldig godt alternativ. Men vi synes det er rart at dei ikkje foreslår stopp på Hjuksebø med tanke på at mange frå Notodden vil vera aktuelle brukarar av toget, seier Solberg.
Kjell Arne Lunde i regiontoggruppa seier dette om potensialet til toget.
– Det gjev potensial for auke av arbeidsplassar både i Kongsbergregionen og midtre Telemark, knytt blant anna til Fensfeltet på Ulefoss. Med regiontog kan ein få betre moglegheiter for pendling mellom dei forskjellige studiestadene til Universitetet i Søraust-Noreg. Gode vilkår for pendling aukar busetjinga i midtre Telemark. Regiontoga gjev direkte transport til Oslo lufthamn, sa Lunde.
Mange pendlar
I dag er det 315 tilsette i bedrifter i Drammen, Oslo og Kongsberg som pendlar frå Midt-Telemark. Samstundes er det 58 personar i desse sentrale områda som har jobben sin i Midt-Telemark. For Nome er tala 128 og 16. 79 tilsette i bedrifter i Drammen, Oslo og Kongsberg pendlar frå Seljord, og 17 tilsette frå desse områda rundt Oslo mot Kongsberg har arbeidet sitt i sjøormbygda. 58 innbyggjarar i Kviteseid pendlar mot desse områda og fire frå Kongsberg, Drammen og Oslo arbeider i Kviteseid.
Meir pendling
– Regiontog gjev auka moglegheiter for pendling og buseting utanfor dei større byane. Regiontoga stoppar også på mindre stader der det bur folk. Betre tilbod vil auke bruken av både regiontog og Sørtoget, og gje betre utnytting av eksisterande anlegg. Går det oftare tog, tek fleire toget. Det betyr potensiale for Gvarv og Nordagutu samstundes som Bø kan få enda høgare vekst, sa Lunde.
Han la til at med eit slikt opplegg blir det òg betre parkeringstilbod. Lunde viste vidare til at toga vil få god mobildekning med 5G nett, og såleis moglegheiter for å arbeide på reisa.
Positiv innstilling
Hovudutval som samferdsel i Telemark fylkeskommune skal handsame saka onsdag 27. mai. Fylkesdirektøren er positiv: "Initiativ om trekking av togpendel frå Kongsberg mot Bø kan støttast om ein ser utvidinga som eit heilskapleg supplement til grunntilbodet på Sørlandsbanen", heiter det i innstillinga frå fylkesdirektøren.
Jernbaneverket er neste stoppestad, og, etter det TA får opplyst, har medlemmer i regiontoggruppa, fått positive signal derifrå.
Tidspunkt
Kjell Arne Lunde opplyste at eit slikt regiontog kan bli ein realitet frå desember 2027. Frå same tidspunkt tek VY over drifta på Sørlandsbanen, der GoAhead er operatør i dag.