Sogndal vatn og avføring AS?
Plus
Eg har nok vore naiv som trudde at Sosialistisk venstreparti (SV) var mot New Public Management og utskiljing av offentlege tenester.
Som trudde at SV stod skulder til skulder med fagrørsla og kjempa mot privatisering, mellom anna for å sikra tilsette gode arbeidsvilkår, pensjonsrettar, løn og medbestemmelse. At SV kjempa for meir demokratisk styring og kontroll over fellesskapet sine ressursar, og ikkje mindre. At det sat i ryggmergen at ei utgreiing aldri er nøytral, men noko som peikar retning og legg premiss for vidare politiske val.
Under kommunestyrehandsaminga av saka «Hovudplan avløp og vassmiljø for Sogndal kommune for perioden 2026-2038» 13. mai, fremja Høgre eit framlegg om å greie ut ei alternativ organisering av vass- og avløpstenestene i Sogndal kommune etter modell frå kommunane Øygarden, Stord og Bømlo. Felles for organiseringa av vass- og avløp i desse kommunane, er at det er utskilt i eigne kommunale aksjeselskap, med sjølvstendige styrer som bestemmer. Politikarane er fråkopla.
Det er heilt legitimt og naturleg at Høgre driv med høgrepolitikk, men eg vart svært overraska då Sosialistisk venstreparti røysta for framlegget til Høgre som var følgjande;
«Nytt punkt - kartlegging av organisering/selskapsformerKommunestyret ber kommunedirektøren sondere og hente inn erfaringar frå Øygarden, Bømlo og Stord kommunar, og eventuelle andre, om gjennomføring, fordelar og ulemper mv. ved å skilje ut og organisere VA-sektoren gjennom eit kommunalt eigd aksjeselskap, eller alternativt andre selskapsformer. Kommunestyret ber kommunedirektøren leggje fram eit notat for formannskapet om dette, med eventuelle tilrådingar og vidare handlingsalternativ».
SV var tunga på vektskåla og vippa fleirtalet i kommunestyret i favør Høgre sitt framlegg.
SV har sikkert ei god forklaring på kvifor dei gjekk for framlegget til Høgre, men vedtaket i kommunestyret er gjort. Det er berre det som står i protokollen som betyr noko.
Eg kan ikkje forstå det annleis enn at SV meiner at tenestene som vert levert på området i dag ikkje er gode nok. Dei varsla investeringsbehova er der uavhengig av om det er kommunen sjølv eller eit aksjeselskap som styrer tenesta. Du bestiller ikkje ei utgreiing dersom du ikkje meiner noko med den.
Å skilja ut offentlege tenester i kommunale AS, eller ei anna selskapsorganisering, kan få store konsekvensar for innbyggjarar, tilsette og for demokratisk styring og kontroll.
Tenester til innbyggjarane i ein kommune er politikk, og vass- og avløpstenester er noko av det mest grunnleggande ein kommune har ansvar for. Det er helse, miljø og beredskap.
Reint drikkevatn er ein samfunnskritisk fellesressurs.