BT: Eit ektepar er pågripe for mishandling av barn
Plus
Måndag 18. mai vart eit ektepar pågripe og sikta for mishandling av eit barn på to år.
Det melder Bergens Tidende.
Politiadvokat Marcus Monsen fortel til Firda at det var helsepersonell som varsla politiet.
– Barnet er teken hand om av helsepersonell og barnevernet, seier han.
Paret er i 30-åra og bur i Sogn og Fjordane. Det var først mannen som vart pågripen, og seinare også kvinna.
Monsen fortel at dei har gjennomført avhøyr av begge, men at ingen erkjenner straffskuld.
– Vi etterforskar vidare med sporsikring, undersøkingar av barnet og andre avhøyr.
Då Firda snakka med polititadvokaten tysdag føremiddag, var det ikkje teke stilling til om ekteparet skulle framstillast for varetektsfengsling.
Tysdag ettermiddag melder VG at dei to no er lauslatne.
Foreldrene skal ha avvist anklagene.
På VG sine spørsmål om også siktinga er fråfalle, vert det vist til politiadvokaten i saka. VG har ikkje lukkast å få tak i vedkommande.
Etter pågripinga skal barnet ha blitt vareteken av lege, medan omsorga vart overført til barnevernet. Tysdag ettermiddag er toåringen gjenforeint med foreldra sine.
🔗 Published by 2 sources - Compare:
🔗 Related Articles (1)
View Graph