Frigjev namn etter dødsulukka i Jotunheimen
Plus
Far og son var på tur då det fatale skjedde.
GD: Det var 62 år gamle Frode Amundsen frå Trondheim som omkom i ulukka på Geite i Jotunheimen fredag førre veke.
Det opplyser politiet.
Amundsen var på tur med son sin då den fatale ulukka skjedde. Dei to køyrde ned Storbreen i Jotunheimen på ski då faren datt om lag 15 meter ned i ein bresprekk.
– Omtrent ti minutt etter fallet kom eit turfølgje på seks personar som hadde med seg eit tau som var 20 meter. Ifølgje dei klarte mannen sjølv å knyta tauet rundt kroppen før han vart heist opp. Han skal ha vore 15 meter nede i bresprekken. Dessverre stod ikkje livet til å redda, sa Jo Øien frå Nord-Gudbrandsdal politikontor til GD i helga.
Turfølgjet skal ha sett i gang livreddande hjelp, og drive på til redningsmannskapa kom på plass. Dessverre så omkom mannen.
– Det må ha vore ein veldig krevjande situasjon å stå i, meiner Øien.
Storbreen er ein veldig populær bre å gå på for å komma til fleire toppar i området. Spesielt toppane Geite og Smørstabbtindane er populære.
Redningsaksjon i Jotunheimen – person fall i bresprekk
Far døydde etter fall i bresprekk