Ber alle partia støtta forslaget: – Her må ingen sitta igjen som taparar!
Plus
Aksjonsgruppa «Nei til vindkraft i Kvinnherad» er naturleg nok glade for at Frp og INP vil ha vindkraft-nei i arealplanen, og håpar alle partia støttar forslaget under kommunestyremøtet torsdag.
I ei pressemelding skriv Annemor Ekeland på vegner av aksjonsgruppa at dei vil gi si fulle støtte til framlegget frå INP og Frp som vil komma i kommunestyret, når det gjeld vindkraft i arealplanen. Her kan du lesa meir om forslaget dei to partia går saman om.
«Me vil oppfordra samtlege parti i kommunestyret til å slutta seg til framlegget. Dette samsvarer med det partia gjekk til val på, og speglar det store fleirtalet mot vindkraft som er i befolkninga. Her må ingen sitta igjen som taparar! Eit samrøystes vedtak vil gje klare signal til moglege utbyggarar, det vil skapa ro om saka, og me kan samla oss om alle gode saker – som fremjer den vakre kommunen vår»skriv Ekeland for aksjonsgruppa i pressemeldinga.