Herold

Dom i saka om Sawab og Hameed: – Heilt forferdeleg

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ørjan Brattetveit Published: 2026-05-19 09:00:04
Dom i saka om Sawab og Hameed: – Heilt forferdeleg

Sawab og Hameed Sawab Khan Uryakhel tapte i lagmannsretten og må ut med sakskostnader på over 200.000 kroner.

– Heilt forferdeleg. Dette såg eg ikkje koma, seier Sawab til Hordaland.

I april i fjor vann brørne saka om å få bli i landet. Saka gjekk då for Oslo tingrett.

Utlendingsnemnda (UNE) anka, og denne veka avsa Borgarting lagmannsrett i Oslo sin dom.

Lagmannsretten oppheva den mellombelse forføyinga Oslo tingrett hadde avsagt 22. april 2025, og dømde brørne til å betala staten sine sakskostnader for både tingretten og lagmannsretten.

Dette er saka

Totalt må dei betala over 200.000 kroner i sakskostnader: 118.800 kroner for lagmannsretten og 84.400 kroner for tingretten.

Kom som eit sjokk

Sawab fortel at han og broren var optimistar etter at dei vann i tingretten, og at domen i lagmannsretten kom som eit sjokk.

– Dette er heilt forferdeleg vanskeleg, både fysisk og psykisk. Eg klarar ikkje å konsentrera meg om kvardagen, seier Sawab.

Skal ha møte med advokaten

Brørne er svært usikre på kva som skjer vidare.

– Torsdag skal me ha møte med advokaten vår. Då vil me snakka om kva me skal gjera vidare. Eg veit ikkje no om me kjem til å anka saka til Høgsterett eller ikkje, seier Sawab.

Felix Olivier Helle er brørne sin advokat.

Tøffe år

I september i 2024 fekk Sawab Khan Oryakhel og Hameed Khan Oryakhel beskjed om at dei måtte forlata Noreg.

Dette på bakgrunn av at dei som mindreårige fortalde at dei kom frå Afghanistan då dei kom til Noreg. Det riktige er at dei vaks opp i eit flyktningmottak for afghanarar i Pakistan.

Hausten 2024 skreiv Hordaland om Sawab for fyste gong. Lokalavisa møtte han då saman med kollegaer på byggjeplassen der Lindstad Bygg AS gjorde gamle Vatle skule om til bustader. Status då var at han måtte han ut av landet veka etter.

– Eg veit ikkje kva eg skal gjera, eller kvar eg skal reisa, sa han den gongen.

Etter avisartikkelen fekk han stor støtte på Voss, og han bestemte seg for å kjempa for å få bli i landet. Det har vore tøffe år med opp- og nedturar. Sawab jobbar no i eit byggjefirma i Bergen, medan Hameed studerer i Bergen. Dei bur saman i Fyllingsdalen.

No er dei usikre på om dei skal kjempa vidare i rettsystemet.

No er brørne ferdige i retten for andre gong: – Det kan gå alle vegar

Sawab (23) og Hameed (19) har fått svar frå retten: – Endeleg kan me leva normale liv

Endeleg er Sawab og Hameed saman igjen: – Me er optimistar før rettssaka

Denne veka tek Sawab (23) fagbrev. Neste veke må han ut av landet

🏷️ Extracted Entities (16)

Hameed Sawab Khan Uryakhel (person) Sawab Khan Oryakhel (person) Oslo (place) Bergen (entity) Noreg (entity) Afghanistan (entity) Borgarting (entity) Felix Olivier Helle (person) Fyllingsdalen (entity) Hameed Khan Oryakhel (person) Høgsterett (entity) Lindstad Bygg AS (organization) Pakistan (entity) Utlendingsnemnda UNE (organization) Vatle (entity) Voss (entity)